Thomas Luckmann (27. oktober 192710. mai 2016) var ein tysk-slovensk og amerikansk sosiolog og sosialfilosof.

Thomas Luckmann
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 14. oktober 1927
Jesenice
Død

10. mai 2016 (88 år)
Austerrike

Yrke filosof, sosiolog, universitetslærar
Språk tysk
Medlem av Slovenias akademi for vitenskap og kunst

Liv endre

Luckmann var fødd i Jesenic (tysk Assling) i det dåverande Kongeriket Jugoslavia, no Slovenia, nær grensa til Austerrike. Familien flytta til Austerrike etter andre verdskrigen.

Luckmann studerte ved Universitetet i Wien, så i Innsbruck og New York ved New School for Social Research. Han hadde òg studieperiodar ved Sorbonne, Oxford og Yale. Han budde i USA frå 1951, i Tyskland delvis frå 1965. Som pensjonert (emeritert) professor budde han i Ossiach i Austerrike fram til sin død.

Virke endre

Thomas Luckmann blei magister i filosofi med ei avhandling om moralfilosofien hjå Albert Camus, i 1953 ved New School. Han var assistent hos sosiologen Carl Mayer. I 1956 tok han doktorgrad i sosiologi (filosofi og psykologi som støttefag) same stad, med eit empirisk arbeid om religionsutviklinga i Tyskland i etterkrigstida.

Han var lærar ved Hobart College i Geneva (Upstate New York) frå 1956 og ved New School i 1960-1965. Frå 1965 var han lærar ved tyske universitet. Luckmann var professor i sosiologi ved universitetet i Frankfurt 1965-1970. Frå 1970 til 1994 var han professor i sosiologi ved universitetet i Konstanz. Han har samarbeidd med fleire skandinaviske forskarar, først og fremst med Per Linell ved universitetet i Linköping og med Erik Karlsaune ved NTNU i Trondheim. Luckmann blei utnemnd til æresdoktor ved NTNU 1998.

Teoriar endre

Luckmann fekk oppdraget med å redigere, fullføre og publisere eit stort manuskript etter sosiologen Alfred Schütz om strukturar i livsverda (2 bind på tysk, 1953. eng. oms. jf. bibliografi). I Konstanz utvikla Luckmann eit miljø for tolkande sosiologi i ånda åt Max Weber og for fenomenologisk tufta kunnskapssosiologi, delvis i kontrast til den kritiske sosiologien i Frankfurt (jf. Horkheimer, Adorno, Marcuse og Habermas), strukturfunksjonalistisk sosiologi, postmoderne filosofi og fransk strukturalisme. Særleg kjend for boka «The social construction of reality» (1966) med Peter Berger. Boka oppmoder kunnskapssosiologar til å arbeide hovudsakleg med religion og språk. Trass i tittelen på boka, nektar Luckmann for å bli kalla konstruktivist, han diskuterer konstitusjon snarare enn konstruksjon (jf. Herrschaft og Lichtblau, s. 345ff).

Luckmann har særleg arbeidd med religionssosiologi i tida før Konstanz og i Konstanz med kommunikasjonssosiologi eller kommunikative handlingar. Han gjennomførte store tverrfaglege prosjekt med videoanalyse av kvardagssituasjonar lenge før tida med digital video og skreiv om konstitusjon av moral i kvardagen ("Moral im Alltag"). Han karakteriserer sin eigen sosialfilosofi som «sosiologisk prototeori», med teoretisk grunnlag frå fenomenologiske analysar av livsverda.

I religionsosiologien har Luckmann vore ein sterk talsmann for ein vid religionsdefinisjon der religion vert knytt til nokre antropologiske føresetnader avdekt gjennom fenomenologisk basert refleksjon. Han knyter religion til det genuint menneskelege som transcenderer sitt reint biologiske vesen. Denne definisjonen gjer vitskapen mindre bunden til studiet av institusjonalisert religion. Han åtvara tidleg på 1960-talet om at religionssosiologien oversåg den nyreligiøse oppblomstringa og nyorienteringa som vart så tydeleg på 1990-talet og frametter.

Utvalde verk endre

  • Berger, P. and T. Luckmann (1967). «The social construction of reality. A treatise in the sociology of knowledge». Garden City, New York, Anchor Books/Doubleday. Oms. til dansk (1976). «Den samfundsskabte virkelighed. En videnssociologisk afhandling». København, Lindhard og Ringhof. Oms. til norsk (2000). Den samfunnsskapte virkelighet. Bergen, Fagbokforlaget.
  • Luckmann, T. (1963). «Das Problem der Religion in der moderne Gesellschaft». Freiburg, Rombach.
  • Luckmann, T. (1967). «The Invisible Religion.» The Problem of Religion in Modern Society. New York, Macmillan.
  • Schütz. A. og Luckmann, T. (1973): «Die Strukturen der Lebenswelt», 2 bind. Neuwied: Luchterhand, 1975; Frankfurt am Main: Suhrkamp, 1953. Engelsk omsetjing: The Structures of the Lifeworld, Vol. I. Oms. av Richard M. Zaner and H. Tristram Engelhardt, Jr.; Vol. II. Oms. av Richard M. Zaner og David J. Parent. Evanston, Ill: Northwestern University Press, 1973, 1989.
  • Luckmann, T. (1990). "Lebenswelt. Modebegriff oder Forschungsprogramm?» Grundlagen der Weiterbildung. Zeitschrift für Weiterbildung/Erwachsenbildung im In- und Ausland 1: 9-13.
  • Luckmann, T. (1991). «Die unsichtbare Religion». Frankfurt am Main, Suhrkamp.
  • Luckmann, T. (1992). Theorie des sozialen Handelns. Berlin, de Gruyter.
  • Berger, P. and T. Luckmann (1995). «Modernity, Pluralism and the Crisis of Meaning. The Orientation of Modern Man». Gütersloh, Bertelsmann Foundation.
  • Luckmann, T., red. (1998). «Moral im Alltag. Sinnvermittlung und moralische Kommunikation in intermediären Institutionen.» Gütersloh, Verlag Bertelsmann Stiftung.
  • Luckmann, T. (2002). «Wissen und Gesellschaft. Ausgewählte Aufsätze 1981-2002.» Konstanz, UVK.
  • Luckmann, T. (2007). «Lebenswelt, Identität und Gesellschaft. Schriften zur Wissens- und Protosoziologie.» Konstanz, UVK.

Kjelder endre

  • Karlsaune, Erik Forord til: Luckmann, T. (2004). «Den usynlige religionen». Oms. av Erik Karlsaune. Trondheim, Tapir.
  • Schnettler, B. (2006). «Thomas Luckmann». Konstanz, UVK Verlagsgesellschaft.
  • F. Herrschaft og K. Lichtblau (2010) «Soziologie in Frankfurt. Eine Zwischenbilanz». VS Verlag, Wiesbaden.
  • Intervju med Luckmann i 2014 50-årsmarkering av The Social Construction of Reality