Thomas Newcomen

britisk ingeniør og oppfinnar

Thomas Newcomen (24. februar 16645. august 1729) var ein engelsk oppfinnar som er kjent for å ha utvikla ei dampmaskin for å pumpa vatn ut or gruver. Han vart fødd i Dartmouth i Devon i England, i nærleiken av eit område med mange tinngruver.

Thomas Newcomen
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 24. februar 1663
Dartmouth i Devon
Død

5. august 1729 (66 år)
London

Yrke oppfinnar, ironmonger, mekanikar
Religion Baptisme
Thomas Newcomen på Commons
Fig. 1 Prinsippskisse over dampmaskina til Newcomen.
Newcomen dampmaskin frå 1912.

Utvikling av ei praktisk dampmaskin endre

Newcomen utvikla dampmaskina vidare frå ideane til Denis Papin og Thomas Savery og klarte å laga ei dampmaskin som var driftssikker nok til at ho kunne nyttast for å pumpa vatn ut or gruver. Tidlegare hadde ein nytta hestar for å pumpa ut vatnet, men det var eit tungt arbeid som sleit på hestane. Den fyrste maskina hans var ferdig rundt 1712.

I motsetning til Savey hadde maskina til Newcomen eit stempel i arbeidssylinderen, fig. 1. Damptrykket vart nytta til å lyfta stemplet i sylinderen. Når det var i øvre posisjon vart dampen i sylinderen kondensert ved at det vart sprøyta kaldt vatn inn i sylinderen. Når dampen kondenserte til vatn vart det undertrykk i sylinderen og atmosfæretrykket på utsida dreiv stemplet nedover i sylinderen. Stemplet tok med seg bommen nedover og overførte rørsla til ein kjetting på andre sida av bommen, som var festa til ei pumpe nede i gruva. Når bommen trekte kjettingen oppover pressa pumpa vatn ut or gruva gjennom eit røyr med ein tilbakeslagsventil.

Føremonen med maskina til Newcomen i høve til maskina til Savery var at diameteren på stemplet i dampsylinderen kunne gjerast større enn diameteren på stemplet i pumpa. Med denne hydrauliske utvekslinga kunne damptrykket vera lågare enn vasstrykket og pumpa kunne lyfta vatnet mykje høgare enn maskina til Savory. Samstundes unngjekk han problema som Saveory hadde med at røyra sprang lekk når damptrykket vart for høgt. At trykket i kjelen kunne haldast moderat var òg ein føremon med dei materiala som var til rådvelde på denne tida.

Saman med John Calley bygde Newcomen ei av dei fyrste dampmaskinane ved Conygree Coalworks i nærleiken av Dudley i West Midlands. Ein fungerande reproduksjon av denne maskina er utstilt ved Black Country Living Museum.