Thomas Weelkes (kring 25. oktober 157630. november 1623) var ein engelskorganist og komponist som særleg er kjend for madrigalane sine. Verka hans er hovudsakleg vokale og omfattar både verdslege madrigalar og religiøse anthem og liturgisk musikk. Han skreiv også musikk for orgel, virginal og viola da gamba.[1]

Thomas Weelkes
FøddDøypt 25. oktober 1576
FødestadElsted i Sussex i England
Død30. november 1623 (47 år)
DødsstadLondon
OpphavKongeriket England, Storbritannia
SjangerRenessansemusikk, barokkmusikk
Instrumentorgel
Verka somKomponist og organist
Noter for madrigalen «Since Robin Hood» av Weelkes, trykka i 1608.

Liv endre

Weelkes kom truleg frå Sør-England, men lite er kjend om det tidlege livet hans.[1] Han vart organist ved Winchester College i 1598, og flytta om lag 1601 til domkyrkja i Chichester.[1] I 1602 blei han «bachelor of music» ved Universitet i Oxford, og i 1603 gifta han seg med Elizabeth Sandham.[1]

Frå 1609 byrja Weelkes få refsingar frå kyrkjeautoriteten for offentleg fyll, banning og for tenesteforsømming, og han vart sparka frå posten i 1617. Han fekk så ein ny posisjon som organist, men klarte igjen ikkje å fylle tenesta.[treng kjelde] Etter at kona døydde i 1622 trekte han seg heilt tilbake, og døydde sjølv året etter i London.[2]

Verk endre

Thomas Weelkes er rekna som ein av dei største madrigalkomponistane frå England på 1600-talet.[2] Det er att rundt 100 madrigalar etter komponisten. Dei er kjenneteikna av livleg rytme, ordmåling og fullendt struktur og form.[1] Weelkes vert også hugsa for dei kreative musikalske bileta og for meisterleg kontrapunkt.

Det er kjend at Weelkes skreiv 41 anthem; 25 av desse er kjende for ettertida i fullsendig eller restaurert form. Han komponerte både anthem for fulle kor («full anthem») og med soloparti («verse anthem»).[2] Han skreiv musikk til 10 anglikanske gudstenester (service). Ingen av desse finst i fullstendig form i dag, men tre er blitt rekonstruerte.

Komponisten skreiv ei mindre mengd instrumentalmusikk som er mindre kjend. Den alvorlege consortmusikken hans er ein kontrast til dei livlege madrigalane.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Thomas Weelkes», Encyclopædia Britannica, britannica.com
  2. 2,0 2,1 2,2 Lynn Vought. «Thomas Weelkes - Biography». Allmusic. Henta 6. april 2010. 

Bakgrunnsstoff endre