Thomas Wolfe

amerikansk poet og skribent

Thomas (Clayton) Wolfe (3. oktober 190015. september 1938) var ein amerikansk forfattar som var fødd og oppvaksen i Nord-Carolina.

Thomas Wolfe

Statsborgarskap USA
Fødd 3. oktober 1900
Asheville
Død

15. september 1938 (37 år)
Baltimore

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, prosaforfatter, essayist, dramaturg, skodespelforfattar
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Signatur
Thomas Wolfe på Commons

Biografi endre

1900-1928: Barndom og studium endre

Thomas Wolfe voks opp i middelklassebyen Asheville i North Carolina. Mora Julia E. dreiv med kjøp og sal av eigedomar, og faren William Oliver arbeidde med å hogge ut gravsteinar. Thomas Wolfe hadde sju sysken, men to av dei døydde i ung alder.

Som elleveåring byrja Wolfe på privatskule i Asheville. Her gjorde han seg merka blant lærarane, og 16 år gammal reiste han til University of North Carolina i Chapel Hill for å studere. Her fekk han høve til å skrive for aviser og studentmagasiner. Han utvikla òg ei sterk teaterinteresse og samarbeidde med ei teatergruppe kalla Carolina Playmakers.

I ein alder av 20 år vart han uteksaminert frå University of North Carolina. Han reiste då til Harvard University i Cambridge, Massachusetts, der han studerte skodespel og teater i tre år. Men han klarte ikkje å få sine eigne skodespel framført. Frå 1924 til 1930 jobba han hovudsakleg som engelsklærar ved New York University, avbrote av periodar med eige skrivearbeid. I åra 1925-1930 hadde Wolfe ein intens og energikrevjande romanse med Aline Bernstein.

1929-1938: Suksess og sjukdom endre

 
Thomas Wolfe i 1937

I 1926 hadde han byrja arbeidet med det som skulle bli den første romanen hans: Finn veien, engel. Han vart utgjeve i 1929 og vart raskt ein stor suksess i engelskpråklege land (boka kom ut på norsk i 1933). Forfattaren si barne- og ungdomstid i North Carolina dannar grunnlag for mykje av handlinga. Etter debuten vart han av mange kritikarar samanlikna med samtidige litterære stordomar som Ernest Hemingway og William Faulkner.

I 1930 fekk Thomas Wolfe tildelt eit Guggenheim-stipend, og reiste då til Europa der han budde i éit år. I 1931 busette han seg i ei leilegheit i New York, der han skreiv oppfølgjarromanen. Forlagsredaktøren hans var den kjende Maxwell Perkins, som òg var redaktør for F. Scott Fitzgerald og den alt nemnde Hemingway. Perkins og Wolfe vart særs nære vener i løpet av arbeidet med romanen Of Time and the River, som utkom i 1935. Wolfe følte sjølv at han var vorte for avhengig av Perkins, og i 1936 gjekk han over frå forlaget Scribners til Harpar.

Hos Harpar vart den ungen Wolfe-beundraren Edward Aswell den nye redaktøren hans. Men samarbeida deira skulle bli kortvarig. I september 1938, etter at Wolfe ei tid hadde slite med ein uforståeleg sjukdom, vart det oppdaga at hjernen hans var sterkt nedbroten av tuberkulose og at det ikkje var noko ein kunne gjere. Thomas Wolfe døydde den 15. september 1938. Då hadde han ei rekkje meir og mindre uferdige manuskript liggjande: delar av dette vart redigert og utgjeve posthumt.

Òg her i Noreg oppnådde Thomas Wolfe djup heider, og både Olav Duun og Agnar Mykle var blant beundrarane hans. Mykle skreiv om sitt eige tilhøve til Wolfe: «Uttrykket 'påverka' er altfor svakt; 'besett' av Thomas Wolfe er særs riktigare.»

Utvald bibliografi endre

  • Look Homeward, Angel - 1929 (no.: Finn veien, engel - 1933)
  • Of Time and the River - 1935 (utkom i to bind på norsk: I drift på livets elv og Byen, reisen og drømmen - 1937/1938)
  • The Web and the Rock - 1939
  • You Can't Go Home Again - 1940

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre