Thomas Wolsey eller Wulcy (fødd 1471 i Ipswich i England, død 29. november 1530 i Leicester) var ein kardinal i Den katolske kyrkja. Han var erkebiskop av York og Lord Chancellor of England frå 1514.

Thomas Wolsey

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1473
Ipswich
Død

29. november 1530 (57 år)
Leicester

Yrke dommar, politikar, katolsk prest, statsmann, katolsk biskop
Språk engelsk
Verv Erkebiskop av York
Periode 1514-1530
Føregangar Christopher Bainbridge
Etterfylgjar Edward Lee
Verv Rikskanslar i England
Periode 1515-1529
Føregangar William Warham
Etterfylgjar Thomas More
Verv Biskop av Durham
Periode 1523-1530
Føregangar Thomas Ruthall
Etterfylgjar Cuthbert Tunstall
Religion Den anglikanske kirke, Den romersk-katolske kyrkja
Far Robert Wolsey
Mor Joan
Thomas Wolsey på Commons

Han vart kreert til kardinal i september 1515 av pave Leo X. Det var hans andre konsistorium. Wolsey var kjent for den store prakta han omgav seg med, men var ein slu politikar som i mange år hadde øyret til den ureknelege kong Henrik VIII. Sjølv hadde han ambisjonar om å bli pave. Det som førte til fallet hans var den langvarige striden rundt ynsket til kongen om å bli skilt frå dronninga si for å kunne gifte seg med Anne Boleyn. Mot slutten av livet sitt vart han ført til Tower, skulda for høgforråding. Ei rettssak ville utan tvil enda med dødsdom, men Wolsley døydde i fengselet før saka kom opp. Ryktet sa at han hadde teke sitt eige liv.

Kjelder endre