Thornton Dial (10. september 192825. januar 2016) var ein nyskapande amerikansk artist som blei kjend på slutten av 1980-talet. Verka hans syner formell variasjon gjennom uttrykksfulle, tjukke assemblage-verk av funne materiale, ofte utført i monumental skala. Temaa hans omfattar historiske oversyn, frå menneskerettar til naturkatastrofar og samtidige hendingar. Fleire av verka til Dial er no ved amerikanske museum. Ti av dei blei kjøpte inn av Metropolitan Museum of Art i 2014.[1]

Thornton Dial
Statsborgarskap USA
Fødd 10. september 1928
Emelle
Død

25. januar 2016 (87 år)
McCalla

Yrke kunstmålar, teiknar, bilethoggar, assemblage artist, biletkunstnar
Sjanger social-artistic project
Born Thornton Dial, Jr., Mattie Dial

Liv og virke endre

Thornton Dial blei fødd i 1928 av ei tenåringsmor, Mattie Bell, på ein tidlegare bomullsplantasje i Emelle i Alabama. Slektningar av han arbeidde der som sharecroppers (ein type leiglending). Dial voks opp i fattigdom og utan noko forhold til faren sin.[2] Han budde i lag med mor si til han var rundt tre år. Deretter budde han og halvbroren hans Arthur hjå ein tremenning, Buddy Jake Dial, som var bonde. Hjå Buddy Jake lærte Thornton Dial om gardsbruk og skulptur, som Jake laga av gjenstandar frå garden, og desse påverka han seinare.[3]

I 1940, då han var tolv år gamal, flytta Dial til Bessemer i Alabama. Då han kom til Bessemer, merka han seg kunstverk på vegen i hagane til folk, og beundra nivået på handverket han såg.[4] Han gifta seg med Clara Mae Murrow i 1951. Dei fekk fem born, men eitt av dei døydde av cerebral parese. Den avdøde kunstnaren Ronald Lockett var fetteren hans.[2]

Den viktigaste arbeidsplassen hans var ved Pullman Standard Plant i Bessemer, Alabama, som produserte jernbanevogner. Fabrikken stengde dørene sine i 1981.[1] Etter at Pullman-fabrikken blei lagt ned, byrja Dial å via seg til kunst for sin eigen glede.

I 1987 møtte Thornton Dial Lonnie Holley, ein kunstnar som introduserte han for kunstsamlaren og -historikeren William Arnett frå Atlanta. Arnett, som hadde kunsthistoriske interesser, hadde fokusert på afrikansk-amerikansk folkekunnskap og kunstnarar, og førte arbeidet til Dial fram for eit nasjonalt publikum. Kunsthistorikaren har òg bidrege til å gjera Lonnie Holley, Gee's Bend Quilters og mange andre kjende i USA.[5] Arnett hjelpte òg, i lag med Jane Fonda, til med å oppretta eit forlag i 1996, saman med sønene hans Paul og Matt. Han er òg grunnleggjaren og Chairman Emeritus for Souls Grown Deep Foundation, ein organisasjon vigt til å verna om og dokumentera afroamerikansk kunst.

Verk endre

Verka til Thornton Dial tek for seg amerikanske sosiopolitiske tema som krig, rasisme, fordommar og heimløyse. Han rettar merksemda mot desse temaea ved å bruke oversette og undervurderte materiale frå amerikansk daglegliv. Kunstnaren kombinerte måling og funne materiale til store assemblage-verk med forkasta gjenstandar, frå tauverk til bein til bøtter.[6] Verk som Black Walk og The Blood of Hard Times, til dømes, brukar bølgeblekk og andre forfalne metalstykke til å visa til dei fattige kroppane og den folkelege arkitekturen i Sørstatane.[7] Dial påkallar historia til den amerikanske landsbygda i Sørstatane i mesteparten av arbeidet sitt.[8]

Tigeren som symbol er eit viktig visuelt motiv i verka til Thornton Dial. Kunsthistorikaren David C. Driskell har forklart Dial sin bruk av tigeren som ein allegori for overleving og ein implisitt referanse til kampen for borgarrettar i USA.[9]

High Museum of Art i Atlanta hadde ei minneutstilling frå 13. februar til 1. mai 2016, som presenterte eit utval av dei frodige teikningane og symbolsk rike måleria til Dial som museet hadde samla saman i løpet av dei siste tjue åra. I april 2016 presenterte Marianne Boesky Gallery We All Live Under the Same Old Flag, ei utstilling vigd til Dial etter at han døydde.[10] Kunstnettstaden Artsy omtalte utstillinga som ei av 15 «blockbuster», «must-see» galleriutstillingar i mai 2016.[11]

Privatliv endre

Thornton gifta seg med Clara Mae Murrow i 1951. Då han døydde let han etter seg tre søner, Thornton Jr., Richard og Dan, ei dotter, Matte Dial, og fleire barnebarn og oldebarn. Clara Mae Dial døydde i 2005.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Grimes, William (27 January 2016). «Thornton Dial, 87, Artist Who Turned Castoff Items Into Museum Pieces». New York Times. Henta 27 January 2016. 
  2. 2,0 2,1 Smith, Dinitia (5. februar 1997). «Bits, Pieces and a Drive To Turn Them Into Art». The New York Times. Henta 12. juni 2010. 
  3. Arnett, William, The Road from Emelle, "Thornton Dial in the 21st Century", Atlanta: Tinwood Books, 2005, p. 10.
  4. Arnett, William, The Road from Emelle, "Thornton Dial in the 21st Century", Atlanta: Tinwood Books, 2005, p. 22.
  5. Souls Grown Deep Foundation. «Souls Grown Deep Foundation». Henta 27. januar 2016. 
  6. Outsider Art Sourcebook, ed. John Maizels, Raw Vision, Watford, 2009, p. 65.
  7. Driskell, David (2011). Hard Truths: The Art of Thornton Dial. New York: Delmonico Books, Prestel. s. 19. 
  8. Driskell, David (2011). Hard Truths: The Art of Thornton Dial. New York: Delmonico Books, Prestel. s. 18. ISBN 978-3-7913-5058-5. 
  9. Driskell, David C., "Giving Into the Visionary Dream", Hard Truths: The Art of Thornton Dial, New York: Prestel Publishing, 2011, p. 17.
  10. «THORNTON DIAL: WE ALL LIVE UNDER THE SAME OLD FLAG». Marrianne Boesky Gallery (på engelsk). Henta 18. januar 2018. 
  11. Corral, Alexis (29. april 2016). «15 Blockbuster Gallery Shows You Need to See in New York This May». Artsy (på engelsk). Henta 1. februar 2018.