Thukydides (fødd før 454 før Kristi fødsel, døydde truleg mellom 399 og 396 f.Kr.) var ein athensk militærstrateg av høg rang og ein framifrå historikar under den greske antikken. For Thukydides kom dei historiske kreftene uttrykksfullt til syne gjennom, og hadde sine særlege føresetnader i, menneskets natur og i motiva for menneskets handlingar, noko som også verka inn på dei grunnleggjande politiske tilhøva.

Thukydides

Fødd460-åra f.Kr.
Álimos
Død395 f.Kr.
Aten
NasjonalitetAntikkens Athen
Områdeantikkens Hellas' historie
Yrkehistorikar, skribent

Verket hans om Peloponneskrigen har vorte ståande som eit standardverk, trass i at verket ikkje vart fullført. Til grunn for historieskildringa hans ligg ein metodikk og ein vilje til nøytral søking etter sanninga, som synes ha eit vitskapleg formål.

Dagens Thukydides-forskarar er delte i synet i kva grad dette var formålet under utarbeidinga av verket. Grunnlaget for tvilen er særleg basert på framstillinga hans av Perikles si rolle i opphavet til krigen.

Sjølv såg Thukydides på sine nedteikningar som ein eignelut som han overlet til all ettertid. Det beste dømet på kor vellukka dette prosjektet var, syner den ulike handsaminga av ymse kortvarige hendingar under peloponnensarkrigen og dei langsiktige grunnane til den dåverande, greske stormakts-rivaliseringa mellom sjømakta Athen og landmakta Sparta.

Kjelder endre