Ein tidsseriestudie er ein kvantitativ metode som vert nytta for å studera effekten av eit fenomen på observasjonseiningane ved å registrera fortløpande variasjonar både før og etter at ei endring av dette fenomenet har hendt.[1] Til dømes kan ein studera den tenkte effekten av ei politisk reform for å finna ut av kva for nokre konsekvensar han har fått. Ein kan dinest samanlikna høva før og etter endringa har hendt.

Ulemper endre

Ulempa ved slike studiar er at ein har for få observasjonstidspunkt. Til dømes kan endringane taka lang tid før dei hende. Studiar som ikkje måler lenge nok i etterkant kan dimed konkludera med at det ikkje var nokon effekt – når effekten i røyndomen berre hende på eit seinare tidspunkt. Eventuelt kan endringane vera kortvarige for dinest gradvis stabilisera seg på eit normalt nivå. Dess fleire observasjonstidspunkt ein har og dess lengre tidsspenn ein måler over, dess sikrare kan ein vera på at måledataa gjev eit meir korrekt bilete.

Kjelder endre

  1. Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 81.