Tilbury er ein hamneby ved nordbreidda av Themsen i Essex i England. Han ligg ved ein stad der elva brått blir snevra inn til omkring 740 meters breidde. Byen har ei djupvasshamn som er ei av dei tre største hamnene i Storbritannia. Tidlegare var ferja mellom Tilbury og Gravesend på den andre sida av elva ein viktig krysningsmåte.

Tilbury

Ferjekaien i Tilbury
Ferjekaien i Tilbury
Ferjekaien i Tilbury
Plassering
Tilbury is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Essex
Distrikt Thurrock
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

12 091
Koordinatar 51°28′N 0°21′E / 51.467°N 0.350°E / 51.467; 0.350
Diverse annan informasjon
Postnummer RM18
Telefon-retningsnummer 0 1375
Commons har multimedium som gjeld: Tilbury

På grunn av den strategiske tydinga til byen vart det reist fleire fort der, som utgjorde ein viktig del av forsvaret av London. Det eldste vart bygd i 1539 av Henrik VIII. Elizabeth I plasserte hovudstyrken sin der, noko som var ein strategisk blunder; den beste landgangsstaden for Den spanske armadaen var i Kent, og dei engelske styrkane ville ikkje ha klart å krysse elva i tide til å hindre dei i å ta London dersom armadaen hadde nådd fram.

Kjelder endre