Time and a Word
Studioalbum av Yes
Språk engelsk
Utgjeve 24. juli 1970
Innspelt Desember 1969 til februar 1970
Studio Advision Studios
(London i England)
Sjanger progressiv rock, symfonisk rock
Lengd 39:35
Selskap Atlantic
Produsent Tony Colton
Yes-kronologi 
Yes
(1969)
Time and a Word The Yes Album
(1971)


Singlar frå Time and a Word
  1. «Time and a Word»
    Utgjeve: 27. mars 1970
  2. «Sweet Dreams»
    Utgjeve: 19. juni 1970

Time and a Word er det andre albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve juli 1970 i Europa, og i november same året i USA. Yes fortsette den tidlege musikalske retninga si med originale songar og coverversjonar av pop-, jazz- og viseartistar. Eit lite orkester med blåsarar og strykarar vart nytta på dei fleste songane.

Dette er det siste albumet der alle original-medlemmane i bandet medverkar. Gitaristen Peter Banks likte ikkje ideen om å bruke eit orkester på albumet og krangling med resten av bandet gjorde at han forlét bandet kort tid før albumet kom ut. Han fekk sparken frå Yes og vart erstatta av Steve Howe. Det britiske omslaget vart ikkje rekna som høvande for den amerikanske marknaden, så det vart nytta eit anna fotografi av bandet, der Howe vart avbilda på eit album han ikkje deltok på.

Albumet kom på 45. plassen på UK Albums Chart i Storbritannia.[1] Det gjekk ikkje inne på lista i USA. Albumet fekk blanda kritikk av kritikarar.

Bakgrunn og innspeling endre

Etter debutalbumet deira, Yes, kom ut i juli 1969 for Atlantic Records, la Yes ut på ein lang turné i Storbritannia. Besetninga på denne tida bestod av solovokalisten Jon Anderson, gitaristen Peter Banks, bassisten Chris Squire, trommeslagaren Bill Bruford og organisten Tony Kaye.[2] Mot slutten av 1969 tinga dei tid i Advision Studios i London i pausar mellom konsertane for å spele inn Time and a Word. I eit intervju frå november 1969 under ein turné i Sveits, snakka Bruford om albumet og sa at Anderson «tømde ut nye songar som me kunne spele. Vanlegvis skriv han ein melodi og me lyttar til lydbandet og tar det der i frå».[3] I Advision hadde Yes med seg produsenten Tony Colton, ein ven av ANdersom som òg var songar i rockebandet Heads Hands & Feet.[4][5] Phil Carson, den europeiske direktøren til Atlantic og ein fan av bandet, henta inn lydteknikaren Eddy Offord for å assistere Colton.[6][4] Offord vart ein viktig person i bandhistoria i 1970-åra som produsenten deira og lydteknikar på konsertane deira.[6]

Gruppa heldt fram den tidlege musikalske retninga si og spelte originale songar og omarrangerte coverversjonar av songar av pop-, jazz- og viseartistar. Dei følgde det same formatet som på Yes; eit album med åtte spor og to coverversjonar.[4] Ein diskusjon mellom Squire, Anderson og Colton under skriveprosessen førte til at dei ønskte å ta inn eit orkester på somme av dei nye songane. Anderson ønskte å bruke eit orkester sidan dei nye ideane deira trengde «ekstra lyd».[7] Han såg at Banks og Kaye ikkje hadde arbeidd i lag for å skape ein sterk nok lyd som dei nye songane kravde. For å løyste dette, diskuterte gruppa å bruke ein Mellotron og testa ut dette, men ideen vart ikkje brukt.[8] I staden for henta dei inn studiomusikarar på blåsarar og strykarar, studentar frå Royal College of Music som framførte arrangementa skriven og dirigert av Tony Cox.[2][6]

Time and a Word vart møtt med «Yes-aktige kontroversar», slik det vart skildra av bandbiografien og skribenten Chris Welch.[6] Banks var den mest frittalande av bandmedlemmane om kva han tenkte om albumet og dette var byrjinga på ein uvenskap mellom han og resten av gruppa. Han likte ikkje ideen om å bruke eit orkester og meinte at dei berre herma etter det rockebanda Deep Purple og The Nice nyleg hadde gjort.[5] Han hevda at dei berre spelte partane som opphavleg var skrivne for gitar eller orgel, og gjorde at han sjølv fekk lite å gjere på albumet og at gitaren hans forsvann i miksen.[9][10] Banks var heller ikkje samd i at Colton skulle produsere albumet og hevda at Colton mangla erfaring og personleg mislikte både han og spelinga hans.[10] Squite stilte òg spørsmål om Colton som produsent, og hugsa ei hending under miksinga av «No Opportunity Necessary, No Experience Needed», då Banks var blitt erstatta av Steve Howe og var til stades. Colton miksa songen ved hjelp av eit par «dritdårlege høgtalarar som ikkje hadde noko bass», i staden for å bruke monitorrutstyret i studioet. Offord bad om meir bass, men Squire og Howe la merke til at bassnivået i monitorane alt var høgt.[9][11] I 1995 sa Offord at han òg meinte at Colton ikkje hadde vore riktig person til å produsere bandet på den tida.[10]

Dei seks originale songane på albumet var tilskriven Anderson i lag med anten Squire eller David Foster, den tidlegare bandkollegaen til Anderson i The Warriors.[9] Banks sa han kom med bidrag til låtskrivinga, men vart ikkje ført opp i plateomslaget. Det plaga han ikkje i byrjinga, men skapte misnøye seinare då han gjekk glipp av honorara.[10][12] Time and a Word markerte ei utvikling i tekstane til Anderso som byrja å gå bort frå enkle kjærleikssongar til tema i ein vidare skala, skildra av biografiforfattaren Dan Hedges som «om livet, eining og framtida».[9]

Songar endre

«No Opportunity Necessary, No Experience Needed», er den første coversongen på albumet, og var skriven av den amerikanske musikaren Richie Havens. Han opnar med eit orkestertema frå filmmusikken til westernfilmen The Big Country frå 1958 av Jerome Moross.[12]

Anderson skreiv «The Prophet» der han fortel soga om ein mann, med mange følgjessveinar, som fortel andre om å finne og tru på seg sjølv og ikkje følgje gå i flokk «som sauer».[13] Songen låner eit tema frå «Jupiter, the Bringer of Jollity» frå The Planets av den engelske komponisten Gustav Holst og syner at Anderson nytta tema frå klassisk musikk, som han ofte lytta til.[13]

«Sweet Dreams» vart særskild godt likt av den framtidige Yes-gitaristen Trevor Rabin, som bad bandet spele songen på konsertar under 90125-turneen i 1984.[13]

På songen «Time and a Word» søkte bandet etter ein meir anthem-aktig song. Anderson, som framleis var musikalsk naiv, presenterte grunntema til gruppa på ein gitar, og brukte berre to eller tre akkordar, og let resten av bandet prøve å finne ut kva han spelte.[14] Songen vart spelt inn med Foster på akustisk gitar. Banks var igjen usamd og hevda at dette ikkje var meint å vere ein del av den endelege miksen, og berre var der som ein guide for dei andre. På den endelege versjonen spelte Banks sine delar over Foster sine.[14]

Yes spelte òg «Dear Father» i Advision Studios, men valde å ikkje ta denne med på albumet.[9]

Plateomslag endre

Plateomslaget for den originale, britiske utgåva, vart designa og fotografert av Laurence Sackman og koordinert av Graphreaks.[2] Framsida syner eit kunstnarisk svartkvitt Dada-aktig sjakkdesign med ei naken kvinne, medan baksida hadde fotografi av kvart medlem før ein vindmaskin, slik at andleta deira vart forvridd.[6] Framsida vart ikkje rekna som høvande for den amerikanske marknaden, så Atlantic Records fekk fotografen Barrie Wentzell i Wardour Street i London til ta eit nytt foto av bandet for den amerikanske utgåva.[15] Då fotografiet vart teken hadde Steve Howe erstatta Peter Banks som gitarist i Yes, så Howe er med på den amerikanske utgåva av plateomslaget. Baksida av den amerikanske utgåva er derimot lik den britiske utgåva, med eit bilete av Banks.[15]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [16]
Christgau's Record GuideC[17]

Yes framførte Time and a Word første gongen under to konsertar i Queen Elizabeth Hall i London, den 21. og 22. mars 1970. For den andre halvdelen av konserten spelte dei songar frå albumet med eit tjue mann stort orkester leia av Tony Cox.[18][4][5] Anderson meinte seinare desse konsertane var mislukka fordi dei ikkje hadde hatt nok tid til å øve og at lydanlegget var dårleg.[18] For å spele inn orkesteret vart mikrofonar hengande over musikarane ved hjelp av kleshengarar.[19] Banks meinte at eksperimentet var ein «fjollete ide». Likevel skreiv Chris Welch ei positiv melding i Melody Maker og skreiv at trass i problem med forsterkarane reagerte publikum som om dei hadde «eit musikalsk gjennombrot» og det indikerte for han at gruppa «hadde slått gjennom».[5] Konsertane vart dei siste der Yes spelte med eit orkester før Symphonic-turneen i 2001 etter det 19. studioalbumet deira, Magnification, som òg vart spelt inn med orkester.[4]

Kranglinga i bandet auka og etter at albumet var ferdig innspelt tidleg i 1970, vart Banks spurt om å dra. Steve Howe kom inn i bandet i juni same året.

Etter den britiske utgåva av Time and a Word kom ut i juli 1970, gjekk det inn på UK Albums Chart for første gongen for bandet, og nådde 45. plassen.[20] Den amerikanske utgåva kom ut i november 1970.[8] Det vart gjeve ut to singlar: «Time and a Word» i mars 1970 og «Sweet Dreams» i juni 1970.[21] Albumet selde ikkje meir enn debutalbumet Yes gjorde, og leiinga i Atlantic vurderte å droppe bandet. Carson klarte å overtyde dei om å halde fram, etter at bandet hadde henta inn Howe og sikra seg Brian Lane som ny manager.

Albumet fekk blanda omtale. Det fekk ei positiv melding av Roy Carr i New Musical Express i august 1970, og vart hylla som eit av dei beste albuma det året. Carr skildra materialet som «mentalt oppkvikkande» og «No Opportunity Necessary, No Experience Needed» sette standarden og stemninga for dei andre sju spora. Arrangementa til Cox vat hylla og blanda seg godt in med gruppa si evne til å «framføre intrikate og særs komplekse passasjar på ein særs fingernem og presis måte». Han trekte òg fram styrken i den «lett gjennkjennbare» basspelinga til Squire, som skapte ein «formidabel» rytmeseksjon i lag med Bruford.[22]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«No Opportunity Necessary, No Experience Needed»Richie Havens4:48
2.«Then»Jon Anderson5:46
3.«Everydays»Stephen Stills6:08
4.«Sweet Dreams»Anderson, David Foster3:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«The Prophet»Anderson, Chris Squire6:34
6.«Clear Days»Anderson2:06
7.«Astral Traveller»Anderson5:53
8.«Time and a Word»Anderson, David Foster4:32
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Dear Father»Anderson, Squire4:14
10.«No Opportunity Necessary, No Experience Needed» (Original Mix)Havens4:46
11.«Sweet Dreams» (Original Mix)Anderson, Foster4:20
12.«The Prophet» (Singel Version)Anderson, Squire6:33

Spora 9–11 vart første gongen gjeven ut på ei vesttysk utgjeving av Time and a Word.

Medverkande endre

Andre medverkande
Produksjon
  • Tony Colton – produsent
  • Eddie Offord – lydteknikar
  • Loring Eutemey – design (amerikansk omslag)
  • Barrie Wentzell – fotograf (britisk omslag)
  • Laurence Sackman – fotograf og design
  • Graphreaks – designkoordinering

Ny-utgjevingar endre

  • 1989 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2003 – Rhino – CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder endre

  1. UK Album sine Chart: Yes – Time and a Word
  2. 2,0 2,1 2,2 Time and a Word (LP liner notes). Various. Atlantic Records. 1970. 2400 006. 
  3. Welch 2008, s. 74.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Time and a Word [2003 Remastered and Expanded Version] (CD liner notes and booklet). Various. Rhino Records. 1970. 8122-73787-2. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Welch 2008, s. 77.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Welch 2008, s. 76.
  7. Hedges 1982, s. 37.
  8. 8,0 8,1 Morse 1996, s. 15.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Hedges 1982, s. 38.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Morse 1996, s. 16.
  11. Kirkman 2013, s. 20.
  12. 12,0 12,1 Morse 1996, s. 17.
  13. 13,0 13,1 13,2 Morse 1996, s. 18.
  14. 14,0 14,1 Morse 1996, s. 19.
  15. 15,0 15,1 Kirkman 2013, s. 31.
  16. Eder, Bruce (2011). «Time and a Word – Yes | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. desember 2019. 
  17. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Y». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta Mars 9, 2019 – via robertchristgau.com. 
  18. 18,0 18,1 Hedges 1982, s. 39.
  19. Kirkman 2013, s. 21.
  20. «The Official Charts Company – Yes – Time and a Word». Official Charts Company. 2011. Henta 21. desember 2019. 
  21. Hedges 1982, s. 144.
  22. Carr, Roy (22. august 1970). «Yes, It's Superb!». New Musical Express: 10. Henta 21. september 2016 – via ProQuest.