Times New Roman er eit serifftypesnitt. Det vart tinga av den britiske avisa The Times i 1931, og vart utforma av Stanley Morison, Starling Burgess og Victor Lardent ved den engelske avdelinga av Monotype. Skrifttypen vart til som fylgjer av at The Times hadde vorte kritisert av Morison for å vera dårleg trykt og typografisk utdatert. Utforminga av skrifttypen vart rettleidd av Stanley Morison og han vart teikna av Victor Lardent, ein tilsett ved PR-avdelinga hjå The Times. Morison nytta ein eldre skifttype som heiter Plantin som grunnlag, men endra han slik at han skulle verta enklare å lesa og utnytta plassen på sidene betre. Typesnittet vart heitande «Times New Roman» som eit tilsvar på «Times Old Roman», typesnittet avisa hadde nytta tidlegare. The Times tok til å nytta skrifttypen i oktober 1932, og etter eit år vart han kommersielt tilgjengeleg.

Døme på skrifttypen

Skrifttypen vert ikkje nytta av The Times lenger, men er framleis utbreidd i boktypografi.