Tiny Dancer
Singel av Elton John
frå albumet Madman Across the Water
B-side

«Razor Face»

Språk engelsk
Utgjeve 7. februar 1972
Innspelt Trident Studios
9. august 1971
Sjanger Softrock
Lengd 3:38 (singel)
6:12 (album)
Selskap Uni (US/Canada)
DJM Records
Tekstforfattar Elton John
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Levon»
(1971)
Tiny Dancer «Rocket Man»
(1972)


«Tiny Dancer» er ein song frå 1971 av Elton John med tekst av Bernie Taupin. Songen er gjeven ut på det fjerde albumet til John, Madman Across the Water, og vart gjeven ut som singel i 1972.

Songen vart skriven av Taupin for å fange anda i California i 1970 etter ei kvinne han hadde møtt, som vart den første kona hans.[1]

Singelen nådde berre 41. plass i USA og vart ikkje ein gong gjeven ut i Storbritannia, men har langsamt vorte ein av dei mest populære songane til John. I 2004 vart han rangert på 387. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, men var i 2010 flytta ned til 397. plassen på lista.

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Ben Folds, Tim McGraw og Red Hot Chili Peppers

Kjelder endre

  1. Lyrics, arkivert frå originalen 21. desember 2010, henta 26. oktober 2011