Tirana (albansk Tiranë) er hovudstad og den største byen i Albania. Offisielt har sjølve byen 418 495 innbyggjarar (2011), men uoffisielle overslag går så høgt som 700 000. Dei 14 tidlegare kommunane som i dag utgjer storkommunen Tirana, hadde til saman 557 422 innbyggjarar.[1] Tirana er ein kommune i regionen med same namn og er hovudstad i regionen.

Tiranë
Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana
Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana
Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana
Byvåpenet til Tirana
Byvåpenet til Tirana
Styresmakter
Land
Region
Albania
Tirana
Grunnlagd 1614
Borgarmeister Edi Rama
Geografi
Flatevidd 41,8 km²
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

41,8 km²
1 110 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
 - Storbyområde

418 495[1]
557 422
Høgd over havet 110 m
Tidssone UTC +1 (UTC1)
Diverse anna
Heimeside: https://www.tirana.al
Nettstad: www.tirana.gov.al
Plassering
Tirana kommune innafor regionen Tirana
Tirana kommune innafor regionen Tirana
Tirana kommune innafor regionen Tirana

Tirana vart grunnlagt av den osmanske hærføraren Sulejman Pasha i 1614. Opphavet til namnet er usikkert; ein populær teori er at han er oppkalla etter Teheran etter Sulejman si erobring av Persia.[2] I 1920 vart byen utnemnd til mellombels hovudstad, som eit kompromiss mellom dei nordlege og sørlege delane av Albania.

Administrativ inndeling endre

 
Storkommunen Tirana etter 2014

Den noverande kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Tirana vart slått saman med landkommunane Petrelë, Farkë, Dajt, Zall-Bastar, Bërzhitë, Krrabë, Baldushk, Shëngjergj, Vaqarr, Kashar, Pezë, Ndroq og Zall-Herr.[3] Dei tidlegare landkommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Tirana.

 
Administrative einingar innafor den tidlegare bykommunen Tirana

Den tidlegare bykommunen Tirana var delt inn i 11 administrative einingar, som i dag òg er kommunaleiningar:

Tidlegare administrativ inndeling endre

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Tirana hovudstad i distriktet Tirana.[4] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Tirana.[3]

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.