Tjeld
Tjeld på Helgoland Foto: Andreas Trepte
Tjeld på Helgoland
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiing: Gul = berre om sommaren, blå = berre om vinteren, grøn = heile året
Utbreiing: Gul = berre om sommaren, blå = berre om vinteren, grøn = heile året
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Tjeldfamilien Haematopodidae
Slekt: Tjeldfamilien Haematopus
Art: Tjeld H. ostralegus
Vitskapleg namn
Haematopus ostralegus

Tjeld (Hæmatopus ostralegus) er ein vadefugl i tjeldfamilien, Haematopodidae. Han er den mest utbreidde av alle tjeldartar, med tre underartar som hekkar i Vest-Europa, sentrale Eurasia, Kamtsjatkahalvøya, Kina og den vestlege kysten av Korea. Ingen andre tjeldartar lever innanfor dette området.

Egg av tjeld.

Tjeld er nasjonalfuglFærøyane, der det blir sagt at han kjem attende på gregormesse 12. mars kvart år. Fuglen er også nemnd i diktet «Fuglakvæðinum yngrum» av nasjonalskalden Nólsoyar Páll.[2]

Skildring endre

Tjelden er ein av dei største vadefuglane i regionen. Han er 40–45 centimeter lang med nebb på 8–9 cm, vengesspenn på 80–85 centimeter.[3] Dei er både lett synlege og støyande loliknande fuglar, med svart og kvit fjærdrakt, rosa bein og kraftige, raude nebb som brukast til å knuse eller opne skjel på blautdyr som blåskjel eller for å finne meitemark.[3] Trass namnet på engelsk, 'Oystercatcher', gjer ikkje østers ut for ein stor del av kosthaldet. Men det er få om nokre andre vadefuglar som er i stand til å opne østers i det heile.

Denne tjeldarten er lett kjenneleg i flukt, med kvite flekker på venger og kvit hale, elles svart overside og kvit underside. Ungfuglar er meir brune, har ein kvit hakekrage og eit mattare nebb med mørk nebbspiss.

Nebbforma varierer og mykje skuldast ulik slitasje; tjeldar med brei nebbtupp opnar blautdyrskal ved å kile dei frå kvarandre eller med hamring gjennom skalet, medan tjeldar med spiss nebbtupp grev opp makk. Individuelle fuglar spesialiserer seg på éin teknikk eller lærer ein teknikk av foreldra.[3]

Tjeldane er lydhøyre fuglar. Samhaldslæta er eit skarpt og høgrøysta "kubik, kubik, kubik". Varselssongen er eit skarpt repeterande "plitt plitt pli-pli-pli". I hekketida høyrest også ei høg drillande læte. Når fuglane forsvarar reviret går dei mot den framande fuglen med nedstående hovud og litt ope nebb samstundes som dei utstøyter ei høg læte.

 
Ein tjeld på Reine i Lofoten.
Foto: Anne Solberg
 
Tjeld på færøysk frimerke.

Det er tre underartar:

Nebblengda viser variasjon med ein gradvis auke frå vest mot aust. Underarten longipes har utprega brunaktig overside og nasebor som strekkjer seg meir enn halvveges langs nebbet. Hos underarten ostralegus er dei langt kortare. Osculans manglar kvitt på fjørskaftene til dei ytre 2-3 primærfjørene og har ikkje kvitt på dei ytre duken av dei ytre fem primærfjører.[4]

Dette er ein trekkfugl over det meste av utbreiingsområdet. Den europeiske bestanden hekkar hovudsakleg i Nord-Europa, men om vinteren kan fuglane bli funne i Nord-Afrika og sørlege delar av Europa. Sjølv om arten er tilstades heile året i eit land som Storbritannia og dei tilstøytande europeiske kystar, er det etter ei sesongmessig rørsle: dei store flokkane som finst i elvemunningar i sørvestre England om vinteren hekkar hovudsakleg i Nord-England og Skottland om sommaren. Tjelden gjer tilsvarande rørsler i dei asiatiske populasjonane. Fuglane er svært sosiale og flokkar seg utanfor hekkesesongen.

Reiret er ei naken senking i grus eller sand. Kullet er på 2–4 egg. Både egg og ungar er svært godt kamuflerte.

Norsk utbreiing og habitatval endre

Tjelden finst vanleg langs heile norskekysten. Fuglen finst oftast i fjøra og trivst elles i ope kystlandskap og er ofte nært knytt til jordbruksland. Dei fleste trekker ut av landet om vinteren til kystar av Storbritannia og Nederland.[5] I 2021 kom arten inn på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[6]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark tjeld Haematopus ostralegus Linnaeus, 1758 Henta 20. januar 2022
  2. «NAs SeinTjeld-Show» Arkivert 2013-09-27 ved Wayback Machine. (13.06.2013), namdalsavisa.no; Birds in the Faroe Islands, framtak.com
  3. 3,0 3,1 3,2 The Birds of the Western Palearctic [Abridged]. OUP. 1997. ISBN 0-19-854099-X. 
  4. Hayman et al., 1986
  5. Follestad, A. & Lorentsen, S.-H. 2007. Sammenfatning av eksisterende kunnskap om effekten av hjerteskjellhøsting på fugl. - NINA Rapport 270. 23 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
  6. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av tjeld Haematopus ostralegus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 20. januar 2022

Bakgrunnsstoff endre