Tjosja (russisk Тёша) er ei elv i Nizjegorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå høgre. Elva er 311 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 800 km². Elva har ei middelvassføring på 4 m³/s.

Tjosja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 7 800 km²
Lengd 311 km
Middelvassføring /s
Munning Oka
Kart
Tjosja
55°38′03″N 42°08′51″E / 55.634166666667°N 42.1475°E / 55.634166666667; 42.1475
Wikimedia Commons: Tyosha river

Elva spring ut frå Privolzjskojhøgdene og renn frå aust til vest. Ho munnar ut i Oka nedanfør byen Muroma.

Dei største sideelvane henna er Jelma, Aksja, Irzja, Nutsja, Lemet, Lomovka, Sjiloksja frå venstre, og Serjozja og Sjamka frå høgre. Det meste av vasstilførselen kjem i form av snøsmelting. Middelvassføringa hennar 230 km frå munningen er 4 m³/s. Elva frys til i november eller byrjinga av desember, og vert isfri att i mars eller april.

Byane Lukajanov og Arzamas ligg ved elva.

Kjelder endre