Tobias Stimmer, (7. april 15394. januar 1584), var ein sveitsisk kunstmålar og teiknar. Han er særleg kjend for det astronomiske urverket i Strasbourg.

Tobias Stimmer

Statsborgarskap Sveits, Tyskland, Frankrike
Fødd 7. april 1539, 17. april 1539
Schaffhausen
Død

4. januar 1584 (44 år)
Strasbourg

Yrke kunstmålar, grafikar, illustratør, teiknar, fresco painter, grafikar, tresnitt
Sjanger portrett
Tobias Stimmer på Commons

Liv og gjerning endre

 
Portrett av Jakob Schwytzer og Elisabeth Lochmann, 1564
 
Hauz zum Ritter

Stimmer var fødd i Schaffhausen i Sveits, der faren var skulemeister. I 1564 måla han eit bilete av legen og naturforskaren Conrad Gesner i Zürich, og dobbelportrett av Jakob Schwytzer og kona hans. Frå 1567 stammar eit portrett av ordføraren i Zürich, Bernhard von Cham. Året etter hadde han illustrasjonsoppdrag både i Basel og i Strasbourg. Same året måla han fasaden på Haus zum Ritter i Schaffhausen.

1569-70 arbeidde Stimmer i Como, der han hadde i oppdrag å teikne portrett av historikaren Paolo Giovio. Etter heimkoma slo Stimmer seg ned i Strasbourg. Der jobba han som illustratør for boktrykkarane Johann Fischart og Bernhard Jobin. 1571-74 laga han ei astronomisk klokke i domkyrkja i Strasbourg, på oppdrag frå matematikaren og astronomen Conrad Dasypodius.

I 1576 gav Basel-forlaget Thomas Guarin ut ein biletbibel basert på teikningar av Stimmer. Denne representerer høgdepunktet i Stimmer sitt virke som illustratør. Frå 1576 til 1578 måla han 13 allegoriske figurar under taket på det nye slottet i Baden-Baden.

Stimmer døydde i 1584 i Strasbourg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tobias Stimmer