Toddi er ein blanda drikk som ofte inneheld alkohol, men også finst i alkoholfrie variantar. I norsk tradisjon blir han laga av varmt vatn og brennevin, vin (særleg raudvin) eller saft, typisk solbærsaft, tilsett sukker og krydder som kryddernellik og kanel.

Eit glas varm toddi med kanelstong og sitron.

Toddi kan også vera ein kald drikk blanda av ulike typar brennevin og ingrediensar som vin, sitron, sukker og krydder.

Namnet «toddi» kjem frå engelsk toddy og er opphavleg eit hindiord, tāṛī, som tyder 'gjæra palmesaft' eller 'palmevin'.

Kjelder endre

  • «toddi» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. juni 2015.
  • «toddy», Den Store Danske. Henta 9. juni 2015.