Tokyo Tower (japansk 東京タワー, Tōkyō tawā) er eit 332,6 meter høgt tårn i Minato-ku i Tokyo. Tårnet, som er basert på Eiffeltårnet i Paris,[1] er det nest høgaste byggverket i Tokyo. Det var den høgaste bygningen i Japan til april 2010, då det blei overgått av Tokyo Skytree.[2]

Tokyo Tower

ArkitektTachū Naitō
Opna23. desember 1958
Kart
Tokyo Tower
35°39′31″N 139°44′44″E / 35.658611111111°N 139.74555555556°E / 35.658611111111; 139.74555555556

Då den 90 meter lange antenna blei festa på tårnet 14. oktober 1958 var Tokyo Tower det høgaste tårnet i verda. Sjølv om det er høgare enn Eiffeltårnet veg Tokyo Tower berre kring 4000 tonn, 3300 tonn mindre enn Eiffeltårnet.[3] Tårnet opna for allmugen 23. desember 1958.

I fyrste etasje er eit akvarium med 50 000 fiskar, i tredje etasje ligg eit voksmuseum, medan den fjerde etasjen husar eit illusjonsgalleri. Det er også to observasjondekk: det fyrste ligg 150 meter over bakken, det andre 250 meter.[4] Begge dekka gir eit 360 graders overblikk over byen, og på klare dagar kan ein til og med sjå Fuji-fjellet.[5][6]

Tokyo Tower.

Kjelder endre

  1. «Tokyo Tower - 🗼 The Japanese Eiffel Tower», www.kanpai-japan.com (på engelsk), henta 28. november 2023 
  2. «Tokyo Tower 東京タワー». SkyscraperPage. Henta 29. mars 2008. 
  3. «Tokyo Tower Data». Nippon Television City Corporation. Arkivert frå originalen 30. april 2008. Henta 29. mars 2008. 
  4. «TOWERPEDIA | TokyoTower». www.tokyotower.co.jp. Henta 4. januar 2020. 
  5. «3 Mount Fuji Observation Spots in Tokyo». Japan Info (på engelsk). Henta 4. januar 2020. 
  6. «Tokyo Tower vs. Super Tower: Crossed Signals?» (PDF). Colliers International. Oktober 2005. Arkivert frå originalen (PDF) 12. juni 2009. Henta 21. januar 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tokyo Tower