Tom Erling Kårbø

Tom Erling Kårbø (fødd 4. februar 1989) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bømlo, medlem i Stord Idrettslag. Han vann NM-medalje i 3000 meter hinder ti år på rad, fem av dei i gull. I 2018 tok han elles bronsemedaljen på 5000 meter.

Tom Erling Kårbø


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1989 (35 år)
Haugesund kommune
Idrett friidrett

Aktiv endre

I 2009 kom Kårbø på tredjeplass i 3 000 m hinder i noregsmeisterskapen. Dei to neste åra tok han NM-sølv i øvinga, alle desse meisterskapane var Bjørnar Ustad Kristensen den fremste hinderløparen i Noreg. Deretter tok Kårbø over som noregseinar i 3 000 m hinder og vart noregsmeister i 2012, 2013, 2014, 2016, 2018. Under NM 2015 vart han slått i spurten av nemnde Kristensen, også i NM 2017 måtte han nøye seg sølv, spurtslått av Jakob Ingebrigsten. Under noregsmeisterskapen 2018 sprang Kårbø inn til bronse på 5000 meter, før han sikra seg sitt femte NM-gull i hinderløpet.

Kårbø deltok i europameisterskapen i friidrett 2014, 2016, 2018. Han var eit lite stykke unna finaleplass i dei fyrste meisterskapane. I Berlin 2018 kvalifiserte han seg til finalen og vart nummer 11. Under verdsmeisterskapen 2019 i Doha sette Kårbø personbeste i 3 000 meter hinder med 8.27,0, var likevel langt unna å kvalifisere seg til VM-finalen.

Kårbø var ein habil mellomdistanseløpar som på 5 000 meter gjorde personbeste med 14.05,2 i 2017-sesongen. På 1500 meter fekk han som best notert 3.43,7, oppnådd i Sollentuna sommaren 2019, i hans siste sesong på friidrettsbana.

Plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre