Tone Schwarzott

norsk skodespelar og lyrikar

Tone Schwarzott (fødd 9. januar 1941 i Porsgrunn) er ein norsk skodespelar og lyrikar.[1]

Tone Schwarzott
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1941 (83 år)
Porsgrunn
Yrke skodespelar, filmskodespelar, lyrikar, skribent

Ho er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole og var tilsett ved Nationaltheatret frå 1963 til 2002, med eit avbrot frå 1969 til 1971 då ho hadde eit engasjement ved NRK Fjernsynsteatret.[2] I Fjernsynsteatret spelte ho i produksjonar av Bjørnsons En hanske, Strindbergs Pelikanen, Brechts Småborgerbryllup, Undsets Selma Brøter, Helten på den grøne øya av Millington Synge og Ibsens Samfunnets støtter. Ho medverka i spelefilmane 3 (1971), Marikens bryllup (1972), Formynderne (1978). Hard asfalt (1986) og Brun bitter (1988).[3]

Schwarzott debuterte som lyrikar med samlinga Veien til mitt hus i 1965 og gav fram til 1979 ut åtte samlingar til.[4]

Bibliografi endre

  • 1979 – Nattlige stasjoner
  • 1978 – I noens have
  • 1977 – Under samme himmel
  • 1976 – Reiser med lyset
  • 1975 – I lyset
  • 1974 – Hit er jeg kommet
  • 1973 – Dørene
  • 1970 – Rom
  • 1965 – Veien til mitt hus

Referansar endre

  1. Herman Berthelsen, red. (1987). «Schwarzott, Tone». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 371. ISBN 820910426-8. 
  2. «Tone Schwarzott». snl.no. Henta 4. desember 2011. 
  3. «Tone Schwarzott». imdb.com. Henta 4. desember 2011. 
  4. Bent Kvalvik. «Schwarzott, Tone». Norsk Biografisk Leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. 

Bakgrunnsstoff endre