Tonje Larsen (fødd 26. januar 1975) er ein norsk handballspelar frå Tønsberg, som spelar for Larvik Håndballklubb. Frå 1992 til 2010 spela ho 264 landskampar og skåra 567 mål for Noreg. Mellom 1994 og 2010 vann ho fem gullmedaljar (tre i EM, pluss VM- og OL-gull), to sølvmedaljar i EM, tre bronsemedaljar (ei kvar i EM, OL, VM). Med klubblaget Larvik har ho vunne meisterligaen i 2011 og to gongar cupvinnarcupen, ei drøss med norske serie- og cupmeisterskap, og EHF-cupen med danske Viborg HK.

Tonje Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. januar 1975 (49 år)
Tønsberg
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000

Larsen er lærar på idrettslinja ved Sandefjord videregående skole.

Merittar landslag endre

Merittar klubblag endre

  • 1993/94: Seriemeister Larvik
  • 1995/96: Cupmeister med Larvik, sølv i EHF-cupen
  • 1996/97: Seriemeister med Larvik
  • 1997/98: Cupmeister med Larvik
  • 1999: Vinnar av EHF-cupen med Viborg HK
  • 1999/2000: Cup- og seriemeister med Larvik
  • 2000/01: Seriemeister med Larvik
  • 2001/02: Seriemeister med Larvik
  • 2002/03: Cup- og seriemeister med Larvik
  • 2003/04: Cupmeister med Larvik
  • 2004/05: Cup- og seriemeister med Larvik, og vinnar av cupvinnarcupen
  • 2005/06: Cup- og seriemeister med Larvik
  • 2006/07: Cup- og seriemeister med Larvik
  • 2007/08: Cupmeister med Larvik og vinnar av cupvinnarcupen
  • 2008/09: Cup- og seriemeister med Larvik, sølv i cupvinnarcupen
  • 2009/10: Cup- og seriemeister med Larvik
  • 2010/11: Seriemeister med Larvik og vinnar av meisterligaen
  • 2011/12: Seriemeister med Larvik

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre