Tony Blair

britisk diplomat og politikar

Anthony Charles Lynton Blair (fødd 6. mai 1953), betre kjend som Tony Blair, var britisk statsminister frå 1997 til 2007. Han var og leiar for det britiske arbeidarpartiet Labour frå 1994 til 2007. Han er kjend for å ha omforma det til det såkalla New Labour, eit meir marknadsretta sosialdemokratisk parti. Han er òg den første britiske arbeidarpartimannen som er blitt vald til statsminister tre gonger på rad.

Tony Blair

Tony Blair på eit NATO-møte i 2002.
Statsminister i Storbritannia
Periode19972007
PartiDet britiske arbeidarpartiet
Fødd6. mai 1953
FødestadEdinburgh
MorHazel Elizabeth Rosaleen Corscaden
FarLeo Blair
EktefelleCherie Blair
BarnEuan Blair
  • Nicky Blair
  • Kathryn Blair
  • Leo Blair
FøregangarJohn Major
EtterfølgjarGordon Brown

Tidleg liv og karriere endre

Tony Blair vart fødd i Edinburgh i Skottland, men voks opp i Durham i Nord-England. Faren Leo var ein advokat og jussprofessor med politiske ambisjonar som blei stoppa av eit slag han fekk då Tony var elleve. Også sonen studerte juss, ved St. John's College i Oxford.

Medan faren hadde vore aktiv i det britiske konservative partiet, var det arbeidarpartiet Tony Blair melde seg inn i i 1975. Han stilte til sitt første parlamentsval i det sikre konservative setet i Beaconsfield i 1982. Ikkje uventa tapte han, men leiarar var blitt merksame på den unge politikaren, og han blei arbeidarpartiet sin kandidat for krinsen Sedgefield, nær oppvekststaden sin, i 1983.

Vegen til toppen endre

Vel inne i det britiske parlamentet steig Blair raskt i gradene, og han blei del av opposisjonen si alternative skuggeregjering i 1988. Dei konservative hadde likevel makta i landet, og Blair var aldri minister i ei ekte regjering.

Då Labour-leiaren John Smith døydde av hjarteinfarkt i 1994. Tony Blair og vennen Gordon Brown var begge sett på som gode kandidatar, men Blair hadde større støtte blant folket, og på eit velkjent restaurantmøte den 31. mai det året gjekk Brown med på å overlata kandidaturet til Blair. Han blei deretter vald til leiar framfor John Prescott og Margaret Beckett.

Nye Labour endre

Kort tid etter at Blair tok over leiarskapet, gjekk han inn for å endra mange av grunnhaldningane til arbeidarpartiet. Mellom anna endra han ein klausul frå det opphavlege partiprogrammet som gjekk inn for nasjonalisering av produksjonsmidla. Saman med medhjelparane sine gav han òg partiet eit nytt image som skulle visa at det var moderne, og klart til å styra landet. Dei tre hovudprioritetane hans, sa Blair på partikonferansen i 1996, var «utdanning, utdanning og utdanning». For å markera skiljet til partiet kalla Blair det ofte «New Labour», det nye arbeidarpartiet.

Endringane skapte mykje misnøye blant venstresida i partiet, men gav det òg nye veljarar. Dette, kombinert med misnøye til John Major sitt konservative styre, gav Blair og Labour ein braksiger ved valet i 1997, etter 18 år med dei konservative ved roret. Blair var 43 år gammal, og blei den yngste statsministeren i Storbritannia sidan Robert Jenkinson, jarlen av Liverpool, i 1812. Gordon Brown blei finansminister.

Statsministergjerning endre

Som leiar for landet utførte Tony Blair fleire store og mindre endringar i korleis det blei styrt. Han erstatta to kvarterlange spørjetimar i veka til éin enkelt på ein halvtime. Han tilsette ein offisiell talsmann som fekk utstrekt makt. I størstedelen av leiarperioden var denne talsmannen Alastair Campbell, som òg hadde stått for mykje av valkampen.

Viktige lovar endre

Human Rights Act, loven om menneskerettane, blei innført under Blair i 1998, og var den første loven som gav britane noko som kan minna om grunnlovsfesta. Freedom of Information Act, som gav rett til større innsyn i offentlege dokument, kom i 1999, men er blitt kritisert for å ikkje gje stort nok innsyn.

Styringsreformer endre

Dei nasjonalistiske rørslene i Wales og Skottland fekk nokre ønske oppfylt då ei walisisk nasjonalforsamling og eit skotsk parlament blei oppretta. I 1999 gjennomførte Blair ein stor reformasjon av Overhuset der han kvitta seg med dei fleste representantane som hadde arva stillinga si, med det føremålet å innføra handplukka livstidsrepresentantar i staden. Den nye overhusordninga er endå ikkje utarbeida (2005).

Ei anna viktig endring i britisk styring var at Blair-regjeringa let nasjonalbanken Bank of England fastsetja grunnrenta sjølve. Før hadde finansministeren kunna endra denne direkte, og det styrande partiet hadde ved fleire høve manipulert henne før eit parlamentsval, noko som skapte uro i den britiske økonomien.

Fred og krig endre

I den første perioden til Blair blei fredsprosessen i Nord-Irland, som var blitt starta under John Major, ført i land med Langfredagsavtalen (Good Friday Agreement). Avtalen involverte dei britiske og irske regjeringane, i tillegg til dei fleste politiske partia i Nord-Irland. Nokre månader etter at talen var underskriven blei Blair den første britiske statsministeren til å tala i den irske nasjonalforsamlinga.

Blair stod sterkt for NATO-innblanding i Kosovokrigen i 1999, og overtalte den amerikanske Clinton-regjeringa til å bruka bakkestyrker dersom bombinga frå lufta ikkje skulle hjelpa.

Seinare gav Blair sin fulle støtte til den kontroversielle amerikanske invasjonen av Irak i 2003, og sende 46.000 britiske troppar, ein tredel av den britiske militærstyrken, til landet. Mange britar reagerte svært sterkt på denne støtta, og Blair blei blant anna skulda for å ha overvurdert sannsynet for at Irak hadde klare masseøydeleggingsvåpen, ignorert juridiske råd om at invasjonen kunne bryta internasjonal rett, og til og med ha loge for parlamentet. Frå denne konflikten kom tilnamnet «Bliar» B-lygnaren, og fleire andre ukvemsord. Han er mellom anna blitt kalla for skjødehunden til president Bush, men har på den andre sida også lagt press på presidenten om å hjelpa til med å få fred i Israel og Palestina.

Under valkampen før det britiske parlamentsvalet i mai 2003 satsa det konservative mellom anna på den personlege motviljen mange veljarar følte for Tony Blair, og den konservative partileiaren Michael Howard kalla han ein lygnar offentleg. Labour svarte med å setja eit personleg fokus på motstandaren, og kampen mellom dei to partia blei bitter og personfokusert.

Privatliv endre

Under praksistida si hos advokatfirmaet til Derry Irvine, der han trefte den framtidige kona si, Cherie Booth.

Dei to gifta seg den 29. mars 1980. Dei har fire ungar, Euan, Nicky, Kathryn og Leo; sistnemnde var det første barnet fødd til ein sitjande britisk statsminister på 150 år (sidan John Russell fekk ein son i 1849).

Tony Blair er praktiserande anglikanar medan Cherie er katolikk. Statministeren har aldri gjort noko politisk ut av trua si, men politiske kommentatorar meiner ho har påverka dei politiske haldningane hans.