Topçambaba Dağı (tidlegare Baba Dağı eller Baba Dagh) er eit fjell i provinsen Aydın i Tyrkia.

Topçambaba
Land  Tyrkia
Kart
Topçambaba
37°38′46″N 28°14′33″E / 37.6462°N 28.2426°E / 37.6462; 28.2426

Kádmos (gammalgresk Κάδμος) var det greske namnet på fjellet i antikken. Det låg då i Frygia Magna[1]. I antikken var fjellsida skogkledd. Elva Kadmos, med same namn som fjellet sjølv, rann ned fjellsida og ut i den større elva Lykos, både Kadmos og Lykos er dei antikke namna, som igjen var ei sideelv av Büyük Menderes (historisk Maeander).[2] Fjellkjeda Kadmos danna den sørlege grensa for området Büyük Menderes i desse delane. Den romerske forfataeren Plinius den eldre omtalte fjellet. Den greske geografen Klaudios Ptolemaios plasserte det i same breiddegrad som Mykale, eit fjell på vestkysten av Anatolia.

Då den franske krossfararhæren under det andre krosstoget i 1145 kryssa fjellet vart baktroppen av hæren under leiing av kong Ludvig VII av Frankrike hengande etter. Tyrkarane gjekk til åtak og det var berre med nød og neppe at kongen slapp unna, medan baktroppen vart massakrert.

Kjelder endre

  1. Strabon s. 578.
  2. Hamilton: Researches, &c., vol. i., side 513.