For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Tor.

Tor (norrønt Þórr, Thórr) er ein mektig gud frå den norrøne mytologien. Han skal vera den eldste sonen til Odin medan mor hans var Fjordgyn (eller Jord), ei åsynje. Tor rådde over vêret, særleg torevêret, og det var sagt at både torerumlinga og lynglimta blei skapt av bukkekjerra hans. Han var òg gud for grøde og krig. Både torsdagen og mange stader og menneske er kalla opp etter han.

Tor med hammaren, jarnvotten og styrkebeltet i eit islands manuskript frå 1700-talet.
«Tors strid med jättarna» (1872), måla av Mårten Eskil Winge.

Eigedelar endre

Den viktigaste reiskapen til Tor var hammaren Mjolne, som trefte alt han sikta på, og som alltid kom tilbake til handa hans. For å halde hammaren brukte guden ein jernhanske, og han hadde òg eit belte som gjorde han sterkare. Det heitte Mengingjord.

Tor hadde ei vogn som dei to bukkane Tanngnjost og Tanngrisne drog. Ein kunne sjå henne på stjernehimmelen, som bildet Karlsvogna.

Liv endre

Tor var gift med den vakre åsynja Siv, og saman fekk dei sonen Mode og dottera Trud. Hallen deira heitte Bilskirne og låg i Trudvang, eller «styrkeheimen».

Guden hadde òg andre born, til dømes Magne som han fekk med jotnekvinna Jarnsaksa.

Tenarane til Tor heitte Tjalve (Thjálfi) og Røskva. Dei var menneske, av fattig bondeætt. Tor fekk de to syskena av bonden etter at ein av Tor sine bukkar vart halt etter eit uvøre kveldsmåltid heime hjå dei.

Soger endre

 
Eit fragment av eit steinmonument frå tidlegkristen tid som syner Tor som fiskar opp Midgardsormen med eit oksehovud som agn. Fragmentet er å sjå i kyrkja i Gosforth i Nordvest-England, der den kjente Gosforthkrossen står på kyrkjegarden.
 
Tor i kamp mot Midgardsormen, framstilla av Johann Heinrich Füssli1700-talet.

Tor er ein gud det finst mange historier om. Mange av dei er morosame, til dømes korleis Tor måtte kle seg som ei brur for å lura hammaren sin tilbake frå jotunen Trym, eller då han nesten fiska Midgardsormen. Som gjest hjå Utgards-Loke har Tor òg ein gong prøvd å løfta Midgardsormen då denne var tilgjord som katt.

Død endre

Spådommen om Ragnarok seier at Tor då endeleg skal drepa erkefienden sin, Midgardsormen, men så berre orka ni skritt før han segnar om og døyr.

Slektskap med andre mytologiar endre

Eigenskapane og forteljingane om guden viser at han liknar herskargudane i dei andre indoeuropeiske religionane, til dømes Zevs i gresk, Jupiter i romersk og Indra i vedisk religion. Baltiske Perkūnas, slaviske Perun og keltiske Taranis er òg toregudar som liknar på Tor.

Dei finsk-ugriske gudane Tiermes, Tordöm eller Torum har òg like eigenskapar og namn som Tor, og kan anten ha vore eit mytologisk lån eller visa til ei felles kulturarv.

Namnet endre

Tor var kjend under mange andre namn, til dømes Ake-Tor, Asa- eller Åsator, Astvinr, Einride, Lorride/Hlorride, Horagalles, Thur, Ukko, Veur, Vingne og Vingtor.

At Tor var ein mykje akta gud, ser me av at namnet er brukt mykje som namnedel, både i personnamn og stadnamn, og i namnet til torsdagen. I nyare tid er «Tor» eller «Thor» åleine òg blitt eit personnam, men dette var ikkje vanleg i norrøn tid. Tora er eit tilsvarande norsk kvinnenamn.

Tor som namnedel endre

Gutenamn Toralv, Torgeir, Tore, Tormod, Torolf, Torvald
Jentenamn Torborg, Torbjørg, Torhild, Torny, Torunn, Tordis
Stadnamn Torsaker, Torsberg, Torsharg, Torshov, Torshavn, Torsland, Torslunda, Torsnes, Torsvi, Torvik, Torsøy; Thurso i Skottland.

Anna endre

Grunnstoffet thorium er kalla opp etter tordenguden.

Bakgrunnsstoff endre