45°30′N 12°25′E / 45.500°N 12.417°E / 45.500; 12.417

Torcello

Torcello er ei roleg og tynt folkesett øy i nordenden av Venezialagunen. Ho vert rekna som det eldste området ved Venezia som har vore kontinuerleg folkesett og var ein gong den største busetnaden i Republikken Venezia.

Historie endre

Etter Romarriket sitt fall vart Torcello ei av dei første øyane i lagunen som vart folkesett av folk frå Veneti som flykta frå terra firma (fastlandet) for å søke ly frå dei stadige invasjonane til barbarane, særleg etter at Attila øydela byen Altinum og alle omliggande busetnadar i 452. Sjølv om Veneto-regionen formelt høyrte til det austromerske eksarkatet Ravenna sidan slutten av den gotiske krigen, var det utrygt på grunn av dei mange invasjonane frå germanarane og dei mange krigane. Til slutt flykta òg biskopen av Altino til øya og i 638 vart Torcello offisielt bispesete, noko det var i meir enn tusen år, og innbyggjarane av Altinum førte med seg leivningane av St. Eliodorus, som no er vernehelgen for øya.

Torcello handla med Konstantinopel og hadde nære kulturelle band til byen, men etter Vestromarriket sitt fall, og som ein heller fjerntliggande utpost i Austromarriket, hadde ho i praksis sjølvstyre. Torcello voks raskt som eit politisk og økonomisk senter. På 900-talet hadde ho minst 10 000 innbyggjarar og var mektigare enn Venezia. Hovudnæringa vart eksport av salt på grunn av marsklandet rundt øya. Etter kvart grodde derimot lagunen rundt øya til eit myrområde og frå 1100-talet var gullalderen til Torcello over. Det vart etter kvart umogeleg å segle til øya og dei veksande myrområda førte med seg malaria, slik at innbyggjarane til slutt forlet øya og reiste til Murano, Burano eller Venezia. I dag bur det kring 60 menneske på øya.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Torcello