Tord Gustavsen (fødd 5. oktober 1970) er ein norsk jazzpianist.

Tord Gustavsen.
Foto: Sheldon Levy

Han voks opp i Hurdal og busette seg seinare i Oslo. Gustavsen fekk utdanninga si frå jazzlinja ved Trøndelag musikkonservatorium 1993-96 og Universitetet i Oslo.

Han har spelt i ulike samanhengar, mellom andre med Silje Nergaard, Siri Gjære, Kristin Asbjørnsen og Live Maria Roggen og med koret SKRUK.

Musikaren er kjend gjennom Tord Gustavsen trio, med Harald Johnsen på dobbel bass, og Jarle Vespestad på trommer. Dei har gjeve ut tre CDar på det tyske plateselskapet ECM: Changing Places(2003), The Ground (2005) og Being there (2007). Musikken kan kanskje karakteriserast som melodisk lyrisk jazz og han har hausta gode kritikkar jamnt over.

Våren 2008 hadde han tingingsverket ved VossaJazz. Ut frå arbeidet med dette kom også det utvida Tord Gustavsen Ensemble, som kan ha saksofonisten Tore Brunborg, bassisten Mats Eilertsen og trommeslagaren Jarle Vespestad og tidvis også songaren Kristin Asbjørnsen, skodespelaren Cecilie Jørstad og trommeslagaren Rune Arnesen med i duo-, trio-, kvartett- og kvintett-besetning.

I 2009 gav han ut plata Restored, Returned med Tord Gustavsens Ensemble. Under Spellemannprisen 2009 vann dei i klassen jazz for denne plata.

Bakgrunnsstoff endre