Tore Antonsen

norsk fotballspelar

Tore Antonsen (fødd 9. mars 1950) er ein tidlegare fotballspelar frå Hamar. Han var målvakt i Hamarkameratene frå 1968 til 1985.

Tore Antonsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1950 (74 år)
Hamar kommune
Idrett fotball

Antonsen spelte 9 landskampar for Noreg. Seks av kampane kom i åra 1972-75, dei tre siste hausten 1981. Høgdepunktet på landslaget kom då Noreg slo England 2-1 i Oslo 9. september 1981.

Kjelder endre