Tore Berger (fødd 11. november 1944) er ein norsk tidlegare kajakkpadlar frå Asker. Han vann gullmedaljen i K4 1000 meter under Sommar-OL 1968 i Mexico, saman med Steinar Amundsen, Egil Søby og Jan Johansen. Saman med desse tre vart Berger tildelt Fearnleys olympiske ærespris dette året. Han fekk òg bronsemedaljen under Sommar-OL 1972 i München på same distansen. Tore Berger padla for Bærum kajakklubb.

Tore Berger


Egil Søby og Tore Berger

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1944 (79 år)
Asker
Idrett padling
Tok del i

canoeing at the 1968 Summer Olympics – men's K-4 1000 metres, canoeing at the 1972 Summer Olympics – men's K-4 1000 metres

Utmerkingar

Fearnleys olympiske ærespris

Karriere endre

I tillegg vann han to nordiske mesterskap og 12 norgesmesterskap.