Torkel H. Aschehoug

norsk økonom og politikar

Torkel Halvorsen Aschehoug (27. juni 182220. januar 1909) var ein norsk rettsfilosof, sosialøkonom og politikar. Han var professor i rettsvitskap, statsøkonomi og statistikk og skreiv fleire bøker og vitskaplege avhandlingar om og kring rettsteori. Perioden 1868-82 var han stortingsrepresentant og hadde då ei framskoten rolle i striden om innføringa av parlamentarismen. Halvor Aschehoug var far hans.

Torkel H. Aschehoug

Fødd27. juni 1822
Idd
Død20. januar 1909
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, historikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Folkerettsinstituttet

Liv og gjerning endre

Aschehoug var fødd i Idd i Østfold. Han vart student frå Fredrikshalds skole i 1839 og cand. jur. i 1844. År 1846 vart han universitetsstipendiat i statsøkonomi og statistikk, han la då ut på studiereise til England og Sverige. Frå 1848 var han tilsett ved ekspedisjonskontoret i Finansdepartementet. Han vart i 1852 lektor i rettsvitskap ved universitetet i Christiania, frå 1862 til 1889 professor i same. Han forska på norsk rettshistorie og skreiv dei grunnleggande verka Norges offentlige ret og Norges nuværende statsforfatning. Elles skreiv han om rettsteoretiske emne og om statsøkonomi.

Perioden 1851-60 var han sekretær i Selskabet for Norges Vel, styremedlem 1865-70. Her arbeidde han for å få tak i sveitsarar som kunne hjelpe på husdyrstellet, same drenering av jord og tilsetting av amtsagronomar. Også aktiv medlem i 'Selskapet til folkeopplysningens fremme'. Ascheoug var medlem av ei rekke kongelege kommisjonar; om husmannsvesenet 1852, pensjonsstellet 1852, fattigstellet på landsbygda 1853, maltavgifta 1857, skattestellet 1861, særeigelova 1871 og av den skandinaviske myntkommisjonen. Han var formann 1872 av kommisjonen om penge-, mynt- og banklovgjevinga og 1879-80 av tollkommisjonen, samt 1882 om rettstilhøvet mellom naboeigedomar.

Stortingsmannen Aschehoug var ein leiande politikar på den konservative sida. Han representerte krinsen Christiania, Hønefoss og Kongsvinger frå 1868 til 1882. På alle tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. I 1868-69 var han formann i justiskomite nr 1. 1871-82 medlem av konstitusjonskomiteen, 1874-80 av valkomiteen og 1874-79 av fullmaktskomiteen. Vidare var han 1874 medlem av jarnbanekomiteen, 1875-77 av røysterettskomiteen og 1875-82 av skattekomiteen. Også medlem av utvida budsjettkomitear i 1878 og 1881, samt av traktatkomiteen i 1882.

I tida fram mot innføringa av parlamentarismen i 1884 var han talsmann for den konservative fløya. Aschehoug var skeptisk til parlamentarisme som stats- og rettssystem, men ikkje avvisande. Han meinte at for å sikre den maktfordelinga som var nedfelt i Grunnlova, måtte ein ved innføring av parlamentarisk statsskikk styrke kongemakta. Kongen måtte ha absolutt veto, rett til å oppløyse Stortinget og å skrive ut nyval. I tillegg meinte han at alle lover Stortinget vedtok, måtte gjennom rettsleg godkjenning, for slik å få prøvd ut om dei var i samsvar med Grunnlova.

I sine økonomiske skrifter var Aschehoug påverka av den tyske historiske skulen. Aschehoug var seinare også under påverknad frå den engelske økonomen Alfred Marshall. Hans politiske orientering var sterkt inspirert av den tyske konservative reformisten Adolph Wagner, ein av hovudarkitektane bak Bismarck sin velferdsstat.

Aschehoug døydde i Christiania i 1909, og vart gravlagd på staten sin kostnad.

Heider endre

Aschehoug vart innvald som medlem av 'Det kongelige svenske vitskapsakademiet' i 1890. Kongen utnemnde han i 1895 til storkors av St. Olavs Orden.

Verk endre

  • Norges offentlige ret i fire bind, 1866-85.
    • Bind I Statsforfatningen i Norge og Danmark indtil 1814, Christiania 1866.
  • Norges nuværende Statsforfatning i tre bind, 1874-1881.
  • Den nordiske Statsret, 1885.
  • Das Staatsrecht der vereinig-ten Konigreiche Schweden und Norwegen, 1886.
  • Norges nuværende statsforfatning i tre bind, 1891-93. Ei delvis omarbeidd, 2. utgåve av verket.
  • De norske Communers Retsforfatning før 1837, 1897.
  • Socialøkonomik i tre bind, 1903-08.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre