Toropets (russisk Торо́пец) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg i Valdajhøgdene, ved elva Toropa, rundt 270 km vest for Tver.

Toropets
Торопец
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Toropets
Byvåpenet til Toropets


Plassering
Toropets is located in Russland
Toropets is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Grunnlagd
Bystatus
1074
1777
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

13 346
Koordinatar 56°30′00″N 31°38′00″E / 56.50000°N 31.63333°E / 56.50000; 31.63333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 48268

Historie endre

Byen vart første gong nemnt i skriftlege kjelder alt i 1074. Han høyrde då til fyrstane i Smolensk. I 1167 var byen stor nok til å ha egne fyrstar. Den mest kjende av dei var Mstislav den modige. Sonesonen hans, Aleksander Nevskij, gifta seg med Aleksandra av Polotsk i Toropets i 1239.

På midten av 1400-talet hamna byen under Storhertugdømet Litauen, som måtte avstå han til Ivan III etter Slaget ved Vedrosja i 1503. Tidleg på 1600-talet vart Toropets plyndra av den polske armeen. I 1777 vart byen ein del av Pskov gubernija.

I 1935 vart byen lagt inn under Kalinin oblast (dagens Tver oblast). Byen var okkupert av Wehrmacht frå 29. august 1941 til 21. januar 1942, då han vart frigjeve under Toropets-Kholm operasjonen.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.