Torrecerredo eller Torre de Cerredo er eit fjell i Spania. Med ei høgd på 2648 meter over havet er fjellet det høgaste i Picos de Europa og Dei kantabriske fjella. Det ligg i det sentrale massivet i Picos de Europa som heiter Urrieles, på grensa mellom Asturias og León. Toppen tårnar 2200 meter over elva Cares og gjev flott utsyn over det vestlege massivet og sideelvane til Cares.

Torre de Cerredo
fjell
Torrecerredo frå Torre de la Párdida.
Land  Spania
Område Asturias
Fjellkjede Picos de Europa, Dei kantabriske fjella
Høgd 2 648 moh.
Primærfaktor 1 931 m
Lettast tilkomst lett klatring på snø og stein
Førstestiging 30. juni 1882
Koordinatar 43°11′51″N 4°51′6″W / 43.19750°N 4.85167°W / 43.19750; -4.85167
Kart
Torre de Cerredo
43°11′53″N 4°51′04″W / 43.198055555556°N 4.8511111111111°W / 43.198055555556; -4.8511111111111
Wikimedia Commons: Torre Cerredo

Fjellet vart først klartra av Aymar d'Arlot de Saint Saud, Paul Labrouche, Juan Suárez, de Espinama og Francois Salles, frå Gavarnie den 30. juni 1882.

Kjelder endre