Torstein

mannsnamn

Torstein er eit mannsnamn sett saman av norrønt Þórr, '(guden) Tor', og steinn, 'stein'. Þorsteinn var den norrøne forma av namnet, medan det blei skrive Thorsten på gammaldansk og gammalsvensk.

Utbreiing endre

Þórstæinn er det tredje vanlegaste mannsnamnet funne i nordiske runeinskripsjonar frå vikingtida, og ein reknar derfor med at namnet var svært vanleg i Norden då. Dei vanlegaste skrivemåtane for namnet var þurstin, þorstain og þurstain.[1]

Namnet er i nyare tid mest vanleg i Tyskland i forma Thorsten og Torsten, og på Island i forma Þorsteinn. Den norske forma Torstein har ikkje vore blant dei mest brukte namna i Noreg dei siste tre hundre åra, men forma Tosten var mykje brukt på 1700-talet.

Kjende namneberarar endre

Personane i listen er ordna kronologisk etter fødselsår.

Fotnotar endre

  1. Bokmålswikipedia, som oppgjev Nordiskt runnamnslexikon Arkivert 2011-02-25 ved Wayback Machine.

Kjelder endre