Totak er ein innsjø i Vinje kommune i Telemark som dekkjer eit areal på 37 km² og ligg mellom 680–687 moh. Totak er Noregs djupaste innsjø som ikkje er ein kryptodepresjon. Det vil seie at heile innsjøbassenget er over havnivå.

Totak
innsjø
Totak i august 2008
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Vinje
Høgd over havet 680-687 moh.
Areal 37,26 km²
Middeldjupn 62 m
Største djupn 306 m
Volum 2,31 km³
Kystlengd1 70,48 km
Koordinatar 59°46′30″N 07°42′58″E / 59.77500°N 7.71611°E / 59.77500; 7.71611
Kart
Totak
59°43′31″N 7°51′00″E / 59.725292°N 7.850074°E / 59.725292; 7.850074
Wikimedia Commons: Totak
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Det viktigaste tilløpet er elva Songa, og avløpet går gjennom elva Tokke ned til innsjøen Bandak. Innsjøen er regulert ved Tokkeutbygginga, og er eit magasin for Vinje kraftverk ved Vinjevatn i Vinje.

Namnet på innsjøen kjem av norrønt þot,som tyder brusing.

Kjelder endre

«Totak» i Store norske leksikon, snl.no.