For den grammatiske forma, sjå dualis.

Total er eit fransk energiselskap, mest kjend som eit oljeselskap. Selskapet vart grunnlagd i 1924 som Compagnie française des pétroles (CFP). CFP lanserte varemerket Total i 1954. Total var i 2005 eit av dei fire største oljeselskapa i verda. Dei andre store oljeselskapa er Royal Dutch/Shell, BP og Exxon Mobil. Selskapet vart slege saman med belgiske Petrofina i 1999, og endra namn til Total Fina. Seinare kjøpte selskapet franske Elf Aquitaine og namnet vart i 2000 endra til TotalFinaElf. I 2003 vart namnet endra attende til berre Total.

Total


Org.formSociété anonyme
BransjePetroleumsverksemd,[1] energibransje
Skipa28. mars 1924
DotterselskapElf Aquitaine,[1] Direct Énergie, TotalEnergies EP Norge
HovudkontorCourbevoie[1]
LandFrankrike[1]
Produktpetroleum
TenesterEkofisk[1]
Grunnleggjar(ar)Ernest Mercier
Adm.dir.Patrick Pouyanné (oktober 2014)
Salsinntekter33 431 000 000 USA-dollar (2023)[2]
Omsetnad33 431 000 000 USA-dollar (2023)[2]
Resultat21 384 000 000 USA-dollar (2023)[2]
Marknadsverdi139 000 000 000 USA-dollar (31. desember 2017)[3]
Nettstadhttps://www.totalenergies.com/ (engelsk)
Samanslåing av selskap fram til Total i 2003

Selskapet har hovudkvarteret sitt i Paris og utgjer ein del av aksjeindeksen CAC 40.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre