Tqibuli (georgisk ტყიბული) eller Tkibuli er ein by vest i sentrale delar av Georgia i regionen Imeretija. Han ligg heilt nord i Imeretija, nær regionen Ratsj'a, ved foten av fjellet Nakerala. Byen er eit senter for kolbryting og ligg mellom to kunstige vassreservoar i eit fjellområde. Ein gong var det ni kolgruver ved byen, men i dag er det berre ein att som er i drift. Tqibuli er òg kjend for teen som vert dyrka her og seld i heile landet.

Tqibuli
ტყიბული
Horisonten til Tqibuli
Horisonten til Tqibuli
Styresmakter
Land
Region
Georgia
Imeretija
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2014)

9 770
Koordinatar 42°21′01″N 42°59′54″E / 42.35028°N 42.99833°E / 42.35028; 42.99833
Høgd over havet 590 m
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Heimeside: http://www.tkibuli.org
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.