Ein trålar er eit fiskefartøy bygd for å føre ein trål, eit sekkeforma nett som vert slept langs botnen eller i vatnet etter fartøyet.

Islandsk trålar ved kai.

Før motoralderen fanst segltrålarar som kunne operere på 55 til 75 meters djupn. Moderne fartøy trålar på ned til 1 000 meters djupn, men det er prøvd tråling på enda større djup. Trålarar varierer mykje i storleik; ein vanleg storleik er 2 000-3 000 tonn. Reketrålarar er mindre.

Trålaren er utstyrt med ein stor port (trålport) akterut, som trålen vert slept ut og halt inn gjennom. Fryseanlegg om bord tillèt trålarar å operere i opent hav i veker om gongen. Trålarar med fileteringsanlegg eller andre anlegg for foredling av fangsten om bord vert kalla fabrikktrålarar.

Litteratur endre

Kjelder endre

  • Wikipedia på bokmål.