Tralle (frå engelsk trolley, avledd av troll 'svinge rundt, rulle')[1] er ei lita, låg vogn eller kjerre med eit, to, tre eller fire små hjul. På norsk bruker ein nemnninga om mange typar trillevogner, med og utan motor, som ein bruker til å frakta eller flytta varer eller personar.

Landbrukstralle forma som ei open trillebår

Traller kan til dømes vera L-forma med to hjul og lange handtak for å trilla kasser, sekkar og anna ved lasting og lossing. Dei kan også vera små vogner eller plattformtraller, med eller utan motor, som blir brukt til bagasjetransport. Vidare kan traller vera brettstativ på hjul, kantinetraller, pasientbord, handlevogner og bårer på hjul.

Tralle kan også visa til ulike typar lastevogner som går på skjener, anten det er små skuvbare anleggsvogner, tippbare slipp- og gruvevogner, dressinar, sparketraller og motortraller til materialtransport og tenestekøyring på jernbanelinjer, kan kallast traller.

Oversyn endre

Bilete Namn Skildring
  Bagasjetralle Låge traller ein kan stabla og transportera bagasje på.
  Handlevogn Tralle med rom til å leggja varer i under handel i ein butikk.
  Jekktralle Tralle med hydraulisk jekk, styrehjul og gaffel med boggihjul som ein kan flytta pallar med manuelt.
  Pianotralle Ei særskild låg tralle med solide hjul som ein kan nytta til å flytta klaver.
  Sekketralle Ei L-forma handtralle med to hjul for frakt av sekkar og kassar.
  Serveringstralle Tralle med flater til å transportera mat på til servering.

Sjå òg endre

Kjelder endre