Transklusjon er eit fenomen innanfor informatikk som skildrar inklusjon av ein del av eit dokument i eit anna dokument gjennom referanse. Omgrepet vart oppfunne av Ted Nelson, som òg er opphavsmannen til omgrepa hypertekst og hypermedia. Nokre hypertekst-system, inkludert Ted Nelson sitt Xanadu-prosjekt, støttar transklusjon. Ein artikkel om eit land kan til dømes inkludere ein tabell eller eit avsnitt som skildrer jordbrukseksporten i landet frå ein annan artikkel som handlar om jordbruk. Framfor å måtta kopiera den inkluderte informasjonen og lagra han på to stader, innarbeider transklusjon modulær design ved å tillate lagring berre ein gong (og, dersom lenketypen stør dette, korrigering og oppdatering) og framvising i ulike samanhengar. Referansen tener òg som lenke mellom begge artiklar.

I Ted Nelson sitt opphavlege framlegg til hypertekst, som han skildra i boka si Literary Machines frå 1982, kan mikrobetalingar automatisk innkrevast frå lesaren for all tekst, uansett kor mange delar av innhald som blir henta frå ulike stader.

Nelson har nyleg vist web-transklusjon gjennom programmet the Little Transquoter (programmert etter Nelson sin spesifikasjon av Andrew Pam). Det skaper eit nytt format som er bygd på porsjonsadresser frå nettstader. Dette verkar slik at når referansen opphøyrer, vil kvar porsjon på resultatsida bli verande klikk-bunden til den opphavlege samanhengen sin. Dette var alltid eit nøkkelaspekt for Nelson, men mangla i dei fleste gjennomføringane av transklusjon.[1]

Sjølvavgrensing endre

Transklusjon verkar betre når transkluderte tekstelement er sjølvavgrensande, på den måten at dei kan stå åleine, uavhengig av samanhengen. Til dømes vil ordleggingar som «slik ein såg i den førre seksjonen» vere problematiske fordi den transkluderte seksjonen kan verke i ein annan samanheng, og slik skape forvirring.

Bruk i HTML og på verdsveven endre

HTML av i dag har ei avgrensa form for transklusjon. Ei side kan transkludere eit bilde, men òg eit anna dokument ved å inkludere rammer i dokumentet (kalla «iframe») – sjå direktelenking. Nettlesaren hentar inn rammeinnhaldet og syner det på sida. Nettstaden Weather.com har brukt denne teknikken sidan 2002 til å produsere vêrmeldingssidene sine frå fleire mindre dokument.

Framtidige versjonar av HTML vil ha høve til å stø djupare transklusjon av delar av dokument med bruk av XML-teknologiar, til dømes XPaths dokumentreferering og XSLT-manipulasjonar. Sjå òg rammer på nettsider.

Praksisen med «fjernlading», inkludert data frå andre nettstader, slik som lenker til bilete etc., blir vanlegvis ikkje likt på grunn av bruken av bandbreidde (til og med kalla «tjuveri av bandbreidd») og datakraft, som trengst frå det fjerne datasystemet. Ein seier at dette er å belasta ein annan nettverkstenar og blir ofte sett på som eit døme på «leeching».

Nettannonsering der annonsar, som er leverte av ein annonsør, blir publiserte saman med anna innhald av ein utgjevar, er eit vesentleg unntak frå denne regelen. Ein annonsør føretrekk å levere ein annonse for å kunna registrere når han vart lesen i staden for å la han blir levert av utgjevaren og vere nøydd til å stola på utgjevaren. (Sjå òg webcounter, web-bug).

Mashup er ein mekanisme av nyare dato som i funksjon liknar transklusjon.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Di Iorio, A. og Vitali, F., A Xanalogical Collaborative Editing Environment, Proceedings of the Second International Workshop of Web Document Analysis (WDA2003), 2003, Edinburgh, Storbritannia, august 2003.[1][daud lenkje] (pdf)
  • Kolbitsch, J. og Maurer, H., Transclusions in an HTML-Based Environment, Journal of Computing and Information Technology, Bind 14, nr. 2, juni 2006, ss. 161-174. [2]
  • Kolbitsch, J., Fine-Grained Transclusions of Multimedia Documents in HTML, Journal of Universal Computer Science, Bind 11, nr. 6, juni 2005. [3]
  • Krottmaier, H., Transcluded Documents: Advantages of Reusing Document Fragments, Proceedings of the 6th International ICCC/IFIP Conference on Electronic Publishing (ELPUB2002), 2002, Karlovy Vary, Tsjekkia, ss. 359–367. [4] (pdf)
  • Krottmaier, H. og Helic, D., Issues of Transclusions, Proceedings of the World Conference on E-Learning in Corporate, Government, Healthcare, & Higher Education (E-Learn 2002), 2002, Montreal, Canada, ss. 1730–1733. [5]Arkivert 2015-06-20 ved Wayback Machine. 20. juni 2015 hos . (pdf)
  • Krottmaier, H. og Maurar, H., Transclusions in the 21st Century, Journal of Universal Computer Science, Bind 7, nr. 12 (juli 2001), ss. 1125–1136. [6]
  • Moore, A. og andre, Personally tailored teaching in WHURLE using conditional translucion, Proceedings of the Twelfth ACM Conference on Hypertext and Hypermedia, 2001, Århus, Danmark, ss. 163–164.
  • Nelson, T. H., Literary Machines', Mindful Press, 1981.
  • Nelson, T. H., The Heart of Connection: Hypermedia Unified by Transclusion, Communications of the ACM, nr. 8, 1995, ss. 31–33.
  • Nelson, T. H., Generalized Links, Micropayment and Transcopyright, 1996. [7] [død lenke]
  • Nelson, T. H., Transcopyright: Pre-Permission for Virtual Republishing, 1998. [8]
  • Nelson, T. H., Xanalogical Structure, Needed Now More than Ever: Parallel Documents, Deep Links to Content, Deep Versioning and Deep Re-Use, ACM Computing Surveys, nr. 4es, 1999. [9]
  • Pam, A., Fine-Grained Transclusion in the Hypertext Markup Language, Internet Draft, 1997. [10]
  • Wilde, E. og Lowe, D., XML Linking Language. I: Wilde, E. og Lowe, D., XPath, XLink, XPointer, and XML: A Practical Guide to Web Hyperlinking and Transclusion, 2002, ss. 169-198, Addison-Wesley Professional. [11] (pdf)