Translasjon i religion

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå translasjon.

Translasjon i religion er særleg vanleg i katolsk og ortodoks kristendom og viser til overføring av relikviar frå ein stad til ein annan. Ofte blir overføringa gjort til ein stad med høgare religiøs status eller med særleg tyding for helgenen relikviane stammar frå.

Translasjonen av relikviane til Korbinian av Freising frå Freising til Merano. Frå eit panel i krypten til domkyrkja i Freising.

Ofte kan dagen ein translasjon fann stad feirast som ein festdag på linje med dødsdagen til helgenen han gjeld. Translasjonsdagen til Johannes Chrysostomos den 27. januar er til dømes ei viktig feiring.[1]

Den mest kjende translasjonen i nordisk katolsk kristendom fann stad 3. august 1031 då leivningane etter Heilag-Olav blei ført til eit kapell der Kristkyrkja i Nidaros etter kvart voks fram.

Kjelder endre

  1. The Translation of the Relics of St. John Chrysostom, fatheralexander.org.