Transpirasjon er fordamping av vatn frå overflaten til plantar.[1] Transpirasjon føregår hovudsakleg gjennom spalteopningar i blada, og heldt spalteopningane opne slik at planten kan ta til seg karbondioksid, som blir brukt i fotosyntesen. Transpirasjonen fører også til at næringsstoff blir trekte opp frå røtene og opp i vekstskota til plantane. Etter kvart som eit vassmolekyl fordampar frå bladet, dreg det til seg nabomolekylet, slik at vatnet flyt kontinuerleg gjennom planten.[2] Transpirasjon er også med på å kontrollera temperaturen til planten.[1] Plantar kan sleppa ut heile 97–99,5 % av vatnet dei tek opp i røtene gjennom transpirasjon og guttasjon.[3]

Skjematisk framstilling av transpirasjon:
1. Vatn blir transportert inn i røtene og vidare inn i vedvevet.
2. Kohesjons og adhesjon mellom vassmolekyla gjer at dei dannar søyler i vedveveet.
3. Vatnet går frå vedvevet inn i meosfyllcellene i blada, fordampar frå overflaten og forlèt planten ved diffusjon gjennom spalteopningane

Det finst to former for transpirasjon: kutikulær transpirasjon (gjennom celleveggar i epidermisceller og kutikula utanfor) og stomatal transpirasjon (gjennom spalteopningar eller stomata i epidermis).[1] Plantar regulerer transpirasjonsraten gjennom å kontrollera storleiken på spalteopningane.[1] Blada kan også ha ei slik oppbygging at dei reduserer transpirasjonsraten. Tørkeplantar kan til dømes ha tjukkare kutikula, hårete eller samanrulla blad eller spalteopningar som er senka ned i bladoverflata.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Endre Berner jr. (20. februar 2018). «transpirasjon – botanikk». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Graham, Linda E. (2006). Plant Biology. Upper Saddle River, NJ 07458: Pearson Education, Inc. s. 200–202. ISBN 978-0-13-146906-8. 
  3. Sinha, Rajiv Kumar (1. januar 2004). Modern Plant Physiology (på engelsk). CRC Press. ISBN 978-0-8493-1714-9.