Transponerande instrument

Fleire treblåseinstrument og messingblåseinstrument er transponerande. Eit døme er den mest vanlege klarinetten, klarinett i B. Tonen B er ein heiltone lågare enn tonen C, som er utgangspunktet. Dette fører til at alle tonar ein grip på instrumentet kling ein heiltone lågare enn den tonen som den som spelar grip. Ein klarinettist sitt grep for tonen C gir difor tonen B, grepet for B gir tonen Ass og så vidare. Dette fører til at notar som blir skrive for instrumentet må transponerast, det vil seie byte toneart og tonehøgd, slik at instrumentet kling i same tonehøgd som resten av orkesteret. Ein brukar å seie at B-klarinetten er stemd i B.

At ein ikkje endrar tonenamna på instrumenta for å unngå dette har sine praktiske årsaker. Ettersom det til dømes finst klarinettar med seks ulike stemmingar, kan ein klarinettist spele på alle desse utan å måtte tenkje seg om, ettersom grepa er dei same på alle instrumenta.

Eit instrument i C er ikkje-transponerande ettersom grepet for C kling som ein C.

Vanlege transponerande instrument endre

Kjelde endre