Transsaharahandel

Transsaharahandel mellom middelhavsland og Vest-Afrika, var ein viktig handelsveg frå 700-talet til slutten av 1500-talet. Før ein ser på karavanevegar og handelsvolum er det viktig å gjere greie for korleis slik handel i det heile teke kunne eksistere. Saharaørkenen er eit stort område med fiendtleg klima som skil Middelhavet sin økonomi frå Niger sin. Fernand Braudel påpeikte (i The Perspective of the World) at eit sånt område på same måte som Atlanterhavet, berre er verdt å ta seg over under spesielle omstende, når vinsten overstig tapet. Men til skilnad frå Atlanterhavet har Sahara alltid vore busett av grupper av menneske som var vande med lokal handel.

Djenné, grunnlagt rundt 800, var før eit viktig handelspunkt, og er no rekna som verdsarv.