Trasimenosjøen eller Trasimenesjøen er den største innsjøen på den italienske halvøya med eit areal på 128 km², litt mindre enn Comosjøen. Elva Tiber renn tretti kilometer aust for innsjøen, men dei høyrer ikkje til same nedslagsfelt. Ingen større elvar renn inn og ut av Trasimenosjøen og vassnivået varierer stort ette rkor mykje det regnar og kor mykje av vatnet som vert nytta av byane, landsbyane og gardane rundt.

Trasimenosjøen
innsjø
Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Land  Italia
Område Umbria
Høgd over havet 258 moh.
Areal 128 km²
Middeldjupn 4–5 m
Koordinatar 43°08′N 12°06′E / 43.133°N 12.100°E / 43.133; 12.100
Øyar 3 (Isola Polvese, Isola Maggiore, Isola Minore)
Kart
Trasimenosjøen
43°08′N 12°06′E / 43.14°N 12.1°E / 43.14; 12.1
Wikimedia Commons: Lago Trasimeno

Opphav og tidleg historie endre

Trasimeno har eit tektonisk opphav. For 3 millionar år sidan var det ein grunn sjø i denne delen av Umbria. Det vart så danna ei senking i terrenget som gjorde at innsjøen kunne dannast. Historisk vart Trasimeno kalla Perugiasjøen og i førhistorisk tid strakk innsjøen seg nesten til Perugia.

Slaget ved Trasimenosjøen fann stad på den nordlege breidda i april 217 f.Kr. under den andre punarkrigen. Det er framleis ikkje heilt klart kvar slaget fann stad sidan innsjøen sitt areal har variert mykje gjennom tidene. Etruskarane var dei første til å busetje seg i området. Dei tre etruskiske byane Perugia, Chiusi og Cortona låg alle innanfor 20 km frå innsjøen. I dag er det lite att etter etruskarane og berre nokre få romerske spor er igjen. Castiglione del Lago har nokre romerske ruinar og gatene har same oppbygging som ein romersk by.

Geografi endre

 
Vassnivået i Trasimenosjøen varierer med tida. Her er restane av eit tre som ein gong stod på land.

Halve Trasimeno er omgjeve av åsar med mange oliventre som den viktigaste næringa for det lokale jordbruket. På den vestlege breidda, nær Toscana, ligg det vingardarar og det vert dyrka frukt og grønsaker. Her er åsane mykje lågare og klimaet varmare. Det er mogeleg å sjå Monte Subasio nær Assisi, om lag 70 km mot aust, og Monte Amiata, om lag 70 km mot vest.

Av vegetasjon finn ein furu, piletre og poppel, mange av dei over 30 meter høge.

Dei største byane er Passignano sul Trasimeno, Tuoro, Monte del Lago, Torricella, S.Feliciano, S.Arcangelo, Castiglione del Lago og Borghetto. Castiglione del Lago har den lengste kyststripa av desse sidan han ligg på den einaste halvøya i innsjøen.

Rundt heile innsjøen ligg det gamle småbyar og isolerte slott, som Zocco og eit tårn nær Passignano. Monte del Lago vart opphavleg bygd for å kontrollere vegen frå Trasimeno til Perugia.

Det er tre øyar i innsjøen. Den nest største, Isola Maggiore, er den einaste som er busett. Her ligg ein liten fiskelandsby med om lag 30 innbyggjarar. Dei fleste bygningane, inkludert ruinane av eit fransiskanarkloster, er frå 1300-talet. Den største av øyane er Isola Polvese på nesten 1 km².

Under svært kalde vintrar har Trasimenosjøen fryst til, mellom anna i 1929, 1957 og 1985. Siste gang var i 2002.

Dyreliv endre

Trasimeno har alltid vore grunn, gjørmete og rik på fisk, som gjedde, karpe og suter. Det grunne vatnet førte tidlegare at malariamyggen treivst her. For å få bukt med dette problemet vart det i 1950-åra importert fisk frå USA som et mosiktolarver. Dette førte til langt mindre mygg og andre insekt, men utrydda ikkje problemet heilt. Vasskvaliteten er likevel god på grunn av få gardar og større byar nær innsjøen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trasimenosjøen