Innan mekanikken skildrar ein rørsla til partiklar eller lekamar matematisk i tilhøve til eit gjeve koordinatsystem. Dette referansesystemet har sjølv ein bestemd rørsletilstand som påverkar korleis rørslene ser ut. Eit tregleikssystem, òg kalla inertialsystem, er eit koordinatsystem som ikkje er under akselerasjon. Då vil den mekaniske skildringa av ei rørsle oppfylle Newtons lovar. Det inneber at kvar og ein akselerasjon som blir observert i eit tregleikssystem er skapt av ei kraft.

Det er ikkje lett å finne eit verkeleg tregleikssystem: jorda roterer rundt seg sjølv, jordkloden blir trekt mot sola, sola blir trekt mot senteret av galaksen, og galaksen er òg akselerert av gravitasjonskrefter frå andre stader. Men i praksis har dette lite å seie så lenge akselerasjonen kan reknast som svak. I kva grad han kan det avheng av storleiksordenen på det fysiske systemet som skal modellerast. Til dømes er jordrotasjonen viktig i meteorologisk samanheng, men neglisjerbar for fenomen som føregår på ein mindre skala.

I Newtons mekanikk er det ein vanleg framgangsmåte å rekne på det akselerte systemet som om det var eit tregleikssystem. Dette kan gjerast ved å innføre imaginære krefter som sentrifugalkrafta og corioliskrafta.

Newton hevda i teoriane sine eksistensen av eit absolutt tregleikssystem slik at all observert rørsle (som naudsynleg er relativ) kunne tilskrivast ei absolutt rørsle. Relativitetsteorien avviser dette, og hevdar i staden at alle tregleikssystem er likeverdige. Dette synspunktet vart formulert allereie av Galileo Galilei og går under namnet relativitetsprinsippet.

Kjelder endre