Ein trekkveg eller ein slepeveg er ein veg eller eit jernbanespor som går langs breidda av ei elv, kanal eller ein annan vassveg. Meininga er at eit køyretøy på land, eit trekkdyr eller ein arbeidsgjeng sleper ein båt, ofte ein lekter. Denne transportmetoden var vanleg der segling ikkje var mogeleg på grunn av sterk straum, tunnelar og bruer, eller ugunstige vindforhold.

Trekkveg i bruk.
Pramdragarar ved Volga (1870-73). Målarstykke av Ilja Repin.
Ein trekkveg langs Chesapeake- og Ohio-kanalen
Ein trekkveg hogd ut i fjellet langsetter elva Lot i Frankrike.
Oljemåleriet The leaping horse av John Constable syner ein hest som hoppar over ei hindring på ein trekkveg.

Etter den industrielle revolusjonen vart sleping på denne måten foreldra når båtane vart motoriserte og jernbanetransport erstatta den trege slepemetoden. Sidan den gong har mange av desse trekkvegane vorte omdanna til gang- og sykkelvegar eller bilvegar. Mange av dei vert òg framleis kalla trekkvegar sjølv om dei lenge ikkje har vore i bruk til dette føremålet.

Kjelder endre