Ei treskei, eller ei sleiv, er ei skei skore ut i tre og som i dag gjerne blir brukt til matlaging. Mange kulturar lager forseggjorte treskeier som folkekunst.

Treskeier frå Polen.
Foto: Przykuta
Skei med utskore hovud laga av wee-folk på 1800- eller 1900-talet i Vest-Afrika.

Bruk endre

 
Flatvoren treskei som blir brukt til å røra med.
Foto: Donovan Govan

Skeier er ganske lette å laga av tre, og har vore utbreidde over store delar av verda. Dei var i bruk under jernalderen i Europa og i vikingtida. Skeier blei mellom anna brukte til å røra, elta, servera og eta med.

Der skeier og auser av metall eller plast er blitt meir vanlege, har treskeier fått ein meir spesialisert bruk. Dei er nokså flate på forma og blir hovudsakleg brukte til å røra med medan ein koker eller baker. Treskeier skraper ikkje sund teflonlag i gryter og panner som metallskeier. Dei overfører heller ikkje varme som metall, og kan vera gode å halda, men har den ulempen at dei kan brennast om dei blir utsett for mykje varme. Dei kan også ta til seg sterk lukt frå lauk og kvitlauk.

Pynt endre

 
Egyptisk utskoren skei frå 1200-talet f.Kr.

Ein finn utskorne eller måla treskeier frå heile Europa og Afrika. Såkalla kjærleiksskeier med fint utskorne handtak er blitt eit kjent produkt frå Wales, men er også blitt laga i Skandinavia og Aust-Europa. Fleire afrikanske land har også lang tradisjon for å skjera ut figurar i handtaket på skeier.

 
Måla skeier frå Tyrkia som blir brukt i tyrkisk skeidans.

I fleire har det vore vanleg å pynta treskeier gjennom brennmerking eller måling, til dømes med rosemåleri i Noreg.

Rituell bruk endre

Innan det jødiske ritualet bedikat chametz er det vanleg å bruka ei treskei.

Fleire tyrkiske folkedansar blir utført med treskeier. Dei blir kalla kaşık oyunlar.

I den engelskspråklege verda har ei treskei ofte vore «premie» for nokon som kom sist innan ei tevling, både innan idrett og utdanning. Ved Universitetet i Cambridge var det til dømes vanleg å gje ei treskei til den som fekk det dårlegast resultatet til matematikkeksamen, men likevel fekk ein grad.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Treskei