Tresking er arbeidet med å skilja matnyttige kornkjernar og plantedelar ein ikkje kan eta (aks, agn, snerpe og halm). Opp gjennom tidene har ein nytta mange ulike metodar for å utføra dette, ved hjelp av handkraft, dyrekraft, mekaniske treskeverk og skurtreskarar.

Tresking med treskeverk i Dahlwitz i 1948.
Kvernstein frå den neolittiske Peiligang-kulturen frå 5000-talet f.Kr. Han kunne brukast til å mala korn, men også til å treska det med.

Tidlege metodar endre

 
Tresking med storfe i det gamle Egypt. Gravkammermåleri frp 1400-talet f.Kr.

Den fyrste treskemetoden var å gru laus kjernene på viltveksande korn mellom hendene. Truleg vart denne metoden nytta i lang tid. Då jordbruket kom i gang vart avlingane så store at ein tok til å sjå seg om etter meir effektive metodar. Å legga kornet utover og trampa ut kjernane med føtene, slå ein bunt med aks mot ein stein eller treramme, eller bruka ein kvernstein var ulike løysingar som heldt seg i lang tid. Nokre stader er dei framleis i bruk. Å nytta storfe og esel til å trampa laus kjernane, var eit tidleg steg i utviklinga av meir effektive treskemetodar.

Treskesledar endre

 
Treskeplate ved Santorini i Hellas.
Foto: Stan Zurek
 
Bruk av treskeslede i Midt-Austen. Illustrasjon av John H. Bishop Vincent frå 1884.

Neste trinn i utviklinga var truleg bruk av treskesledar. Dette gjekk føre seg ved at kornet vart lagt ut på ei treskeplate, som kunne vera ei steinsett flate, eller eit torg. Tunge treskesledar vart så dregne over kornet av storfe, for å gni laus kjernane. Somme av sledane hadde stein på undersida[1]. Det er funne arkeologiske prov, i form av sumerisk kileskrift, på at treskesledar vart nytta av sumerane for om lag 5000 år sidan, men arkeologar meiner no at treskesledar kan stamma heilt frå neolittisk tid[2]. Etter at kjernene var skilde frå halmen måtte halmen fjernast, samtidig som kjernar vart rista ut. Deretter vart kjernar, agner og halmrestar sopa saman og tekne vare på. Agner og halmrestar måtte så reinskast i ein eigen arbeidsprosess. Å nytta storfe førte til at kornet kunne verta utsett for møkk og andre ureinheiter, så det var naudsynt å reinska det godt. Nokre stader rundt Middelhavet var treskesledar i bruk heilt fram til 1960-talet[3].

Manuell tresking endre

 
Tresking med slegel i Frankrike på 1200-talet.

Ein kan nytta ulike metodar til tresking for hand. Slegel (også fløye, sliul, tust med fleire) er ein stokk med to delar der ein slår den dinglande delen mot kornet. Å treska med slegel var tungt arbeid, som ofte vart utført utover hausten, eller gjennom heile vinteren. Tresking har oftast vore mannsarbeid. Men i Nord-Noreg, der mennene i stor grad deiv fiske, var det eit vanleg kvinnearbeid.

I Norden var kornet treska men med slegel heilt fram til det i siste halvdelen av 1800-talet kom treskeverk. I byrjinga var det berre kornbygdene i Trøndelag og på Austlandet som hadde nok areal til at det var økonomisk å investere i treskeverk. På dei mindre bruka på Vestlandet og i Nord-Noreg vart det treska med slegel til langt inn på 1900-talet.

 
Skjedde

På Vestlandet har det og vore bruk å skjede kornet. Ei skjedde er ein reiskap av tre. Den har eit handtak og eit blad med grove tenner. Kornbandet vart halde med eine hand, og så slo ein kjernane av med skjedda.

Skrøfting vil seie at ein held kornbandet i rot og slår det mot ein vegg eller ein skarp kant. På Austlandet vart noko av kornet skrøfta, men skrøfting har vorte brukt meir i Finland og Sverige enn i Noreg. Det var særleg rug som vart skrøfta. Andre kornslag skrøfta ein om ein ville fare varsamt med halmen, til dømes når han skulle nyttast til sengehalm. Metoden vert framleis nytta i nokre land i Asia til tresking av ris[4].

Maskinell tresking endre

1700-talet vart det utført forsøk med å nytta hestar og vasskraft for tresking. Ein metode gjekk ut på å legga kornet ut på ein plant underlag (ei treskeplate eller eit låvegolv) og så køyra tunge vogner over halmen, for å gni kjernane lause frå halmen. Slike vogner kunne ha ulik utforming. Nokre hadde tunge jarnhjul, andre hadde tunge trerullar med pinnar[5]. I 1754 føreslo svensken Trozellius å nytta fire koniske valsar, festa på ei roterande ramme, som vart dregen av ei hestevandring, eit vasshjul, eller ei vindmølle[5].

 
Hestedregen treskemaskin måla av Camille Pissarro.

Treskeverk endre

Hovudartikkel: Treskeverk

I 1788 tok skotten Andrew Meikle ut patent på eit treskeverk med ein roterande slagsylinder og underliggande slagbru[5]. Maskina til Meikle vert rekna som det fyrste brukbare treskeverket. Ein tok først liknande maskiner i bruk under Napoleonskrigane, då det var mangel på arbeidskraft i Storbritannia[6].

Meikle-maskina vart kopiert og forbetra og frå rundt 1800 vart det bygd treskemaskiner på mange storgardar. Dei første treskeverka var stasjonære, men i 1842 marknadsførte Ransomes ei flyttbar maskin[6].

Utviklinga skaut fart etter 1850 og i siste halvdelen av 1800-talet vart det vanleg med treskeverk i kornbygdene i Noreg. Flyttbare treskeverk var i bruk fram til rundt 1950 før dei vart fortrengte av skurtreskarane.

Skurtreskarar endre

Hovudartikkel: Skurtreskar
 
Polsk skurtreskar i 2007.

Dei fyrste eksperimenta med hestedregne skurtreskarar tok til i USA litt før 1830, men det var fyrst mot slutten av 1800-talet at dei vart teke i bruk i stor målestokk og da fyrst og fremst på storgardane i California. Etter kvart var hestane skifta ut med damptraktorar og etter 1910 med traktorar med forbrenningsmotor. Sjølv om det vart bygt nokre sjølvgåande skurtreskarar med dampmaskin (den fyrste i 1888 fekk dei ikkje noka utbreiing for Massy-Harris i 1941 marknadsførte den fyrste sjølvgåande skurtreskaren med forbrenningsmotor. Den fyrste europeiske sjølvgåande skurtreskaren vart laga av Bolinder-Munktell i 1951. På 1960-talet vart slepetreskarane utkonkurrerte av sjølvgåande skurtreskarar.

Galleri endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Rasmussen, C., Threshing Sledge (Detail), Holy Land Photos, 2008.
  2. Anderson, P.C., The threshing sledge and its products: relationship to early agricultural societies Arkivert 2006-02-06 ved Wayback Machine., Proc. 9. Neolitic seminar - The Neolithization of Eurasia - Reflections in Archaeology and Archaeogenetics, Ljubljana, 28/11 - 1/12 2002.
  3. Toumazou, M.K. et al., Interdisciplinary Research in Central Cyprus: The 1995 Season of the Athienou Archaeological Project Arkivert 2008-08-08 ved Wayback Machine., World Archaeology Newsletter, Utg. 20, Nr. 1, 1996, ss. 1-8.
  4. De Datta, S.K., Principles and Practices of Rice Production, Krieger Publ. Company, 1981.
  5. 5,0 5,1 5,2 Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
  6. 6,0 6,1 Hey, D., The Oxford Companion to Local and Family History, Oxford University Press, 2009.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tresking