Tretjakovgalleriet

Det statlege Tretjakovgalleriet (russisk Государственная Третьяковская Галерея (ГТГ), Gosudarstvennaja Tretjakovskaja Galereja (GTG)) er eit kunstgalleri i Moskva i Russland. Med nærare 140 000 verk er det ved sidan av Eremitasjen i St. Petersburg verdas største samling av russisk kunst.

Tretjakovgalleriet

StadCentral Administrative Okrug, Yakimanka District, Moskva, Russland
Skipa1856
Kart
Tretjakovgalleriet
55°44′29″N 37°37′15″E / 55.741389°N 37.620864°E / 55.741389; 37.620864
Samtidskunst-galleriet på Krymskij Val

Galleriet si historie tek til i 1856 då den moskovittiske handelsmannen og industrimagnaten Pavel Tretjakov byrja å kjøpe verk av samtidas russiske kunstnarar, med formål å opprette ei samling som seinare kunne vekse til eit museum for nasjonal kunst. I 1892 skjenka Tretjakov si allereie då berømte samling til den russiske nasjonen.

Fasaden på galleribygninga vart teikna av målaren Viktor Vasnjetsov i ein særeigen russisk eventyrstil. Galleriet vart bygt i 1902-04 sør for Kreml. I løpet av 1900-talet ekspanderte galleriet til fleire nærliggjande bygningar, mellom anna til Nikolaikyrkja i Tolmatsji frå 1600-talet.

Samlingane omfattar over 130 000 gjenstandar, alt frå Theotokos av Vladimir og Andrej Rubljovs Den heilage treeininga til den monumentale Komposisjon VII av Vasilij Kandinskij og Svart firkant av Kasimir Malevitsj.

I 1985 vart Tretjakovgalleriet slått saman med eit galleri for samtidskunst, som heldt til i ein stor, moderne bygning like sør for Krimbrua. Denne greina av museet inneheld ei samling skulpturar innan sosialistisk realisme, til dømes høgdepunkt som Jevgenij Vutsjetitsj sin ikoniske statue av «Jarn-Feliks» (som vart flytta frå Lubjankaplassen i 1991), skulpturen «Smi!» som framstiller ein naken arbeidar som smir eit sverd, og «Unge Russland»-monumentet. Like ved står også Zurab Tsereteli sin 86 meter høge statue av Peter den store, ein av verdas høgaste statuar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

55°44′29″N 37°37′13″E / 55.74139°N 37.62028°E / 55.74139; 37.62028