Triglavvassdalen (slovensk Dolina Triglavskih jezer) er ein hengedal i Dei juliske Alpane i Slovenia, nedanfor dei bratte fjellsidene til fjella Tičarica og Zelnarica sørvest for Triglav. Han ligg over tregrensa og er geologisk ein del av det alpine karstområdet. Det vert derfor òg kalla Steinhavet.

Dvojno jezero - Dobbelsjøen fotografert frå hytta.

Det vert ofte feilaktig sagt at det er sju vatn i dalen, medan det i røynda er ti. Den lågastliggande er Črno jezero (Svartevatnet) i ei høgd 1294 moh og ligg oppfor den steinete fjellsida til Komarča. Alpesalamander (Triturus alpestris lacusnigri) er ein endemisk art i Alpane som lever her. Nedanfor Tičarica (1676 moh) er det to vatn som er knytt saman og som derfor vert kalla Dvojno jezero (Dobbelsjøen). 1838 meter over havet ligg Veliko jezero eller Jezero v Ledvici (Storavatnet eller Ledvicavatnet). Dette er den største og den djupaste av vatna. Den høgastliggande er Jezero v Podstenju (Podstenjevatnet), som ligg 1993 meter over havet.

Kjelder endre