Trikuspidalklaff

einvegsventilert klaff mellom høgre framkammer og høgre hjartekammer i hjartet

Trikuspidalklaffen, eller treseglsklaffen (latin valva tricuspidalis), er ein hjarteklaff som regulerer blodstraumen mellom høgre framkammer og høgre hjartekammer. Han har normalt frå to til fire segl som går frå overgangen mellom for- og hjartekammer og ned i hjartekammeret. Segla går over sener (lat. chordae tendineae) som er festa med papillemusklar både i skiljeveggen og den frie veggen i hjartekammeret. Klaffen fungerer som inngangen i ei teine og let blodet gå frå framkammer til hjartekammer, men ikkje attende. At klaffen «skrevar» over hjartekammeret gjer at han lettare enn mitralklaffen lekk dersom hjartekammeret blir utvida.

Trikuspidalklaffen er den fyrste klaffen blodet møter når det kjem frå kroppen. Mikroorganismar slår seg derfor lettast ned der, og han er derfor den vanlegaste staden for betennelsar og påleiringar hos utsette grupper som sprøytenarkomane og dei med svekka immunforsvar.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.